Strandzja

(Omdirigert frå Yıldızfjella)

Strandzja (bulgarsk Странджа, òg skrive Strandja og Stranja; tyrkisk Yıldız Dağları eller Istranca) er eit fjellmassiv i søraustlege område av Bulgaria og den europeiske delen av Tyrkia, eller den søraustlege delen av Balkan mellom slettene i Thrakia i vest, låglandet nær Burgas i nord, og Svartehavet i aust. Den høgaste toppen er Mahya Dağ (bulgarsk Махиада, Mahiada) (1 031 m) i Tyrkia, medan det høgaste punktet i den bulgarske delen er Goljamo Gradisjte (710 m). Det totale arealet av massivet er om lag 10 000 km².[1]

Utsyn frå Papija (502 m) i den bulgarske delen av Strandzja.
Landskap i den bulgarske delen av Strandzja

Geografi og klima

endre

Klimaet i området er i stor grad påverka av Svartehavet, og er stort sett fuktig kontinentalklima i fjellene og fuktig subtropisk klima ved kysten. Store elvar i området er Veleka (147 km) og grenseelva Rezovska (112 km). Strandzja naturpark, som vart oppretta i 1995 i den bulgarske delen av fjellet, er det største verna området i Bulgaria med 1 161 km², eller om lag 1 % av den totale flatevidda i Bulgaria. Ein kan sjå om lag 50 % av plantelivet i Bulgaria i denne parken.

Historie og kultur

endre

Området var folkesett av thrakarar i antikken og inneheld i dag mange ruinar av thrakiske heilagdomar og offeralter, steindysser og andre arkeologiske lekamar.

Fjella var åstad for det bulgarske Ilinden-Perobrazjenie opprøret i 1903, som vart knust av ottomanske troppar. Den noverande grensa mellom Bulgaria og Tyrkia vart oppretta etter Balkankrigane i 1912-1913, då nordlege delar av Stradzja vart ein del av Bulgaria.

Kulturelt er den bulgarske delen av Stradzja kjend for ein spesiell arkitektur som ein kan sjå i Malko Tarnovo, Brasjljan og dei fleste andre landsbyar, med rike folkeminne og særprega ritual, slik som nestinarstvo (berrføtt dansing på glødande kol), som har mange heidenske element.

Kjelde

endre

Fotnotar

endre

Bakgrunnsstoff

endre