Yaaral- og degal-festivalane
Yaaral- og degal-festivalane markerer kryssinga av Nigerelva under dei to årlege migrasjonane under transhumansen til fulani-folket i Mali. To gongar i året kryssar bufeet mellom det tørre Sahel og flaumslettane til det indre Nigerdeltaet. Datoen for festivalane blir fastsette ut frå beiteforhold og straumen i elva. I 2008 blei festivalane førte opp på UNESCO si liste over viktig immateriell verdsarv.[1]
Festivalane gjev forskjellige kulturelle uttrykk, frå konkurransar om den feitaste eller best iaretekne bølingen til unge menn og kvinner som pyntar seg.[2]
Den fyrste kryssinga etter at flaumvatnet trekk seg tilbake blir kalla degal (deegal) og skjer ved Diafarbé i sørenden av deltaet.[3][4]
Yaaral- og degal-festivalane er sentrale arenaar for å fornye avtalar imellom grupperingane og styrke sosiale band. Ifølgje UNESCO har festivalane blitt møteplassar for dei forskjellige folke- og næringsgruppene i deltaet. Tilknytinga til lokalsamfunna til festivalane bidreg til deira kontinuitet i møte med trugselen frå dei unge si flukt frå landsbygda og trugande tørke.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Cultural space of the Yaaral and Degal». UNESCO. Henta 29. september 2023.
- ↑ «African Festivals and Events», www.africaguide.com, henta 15. september 2024
- ↑ Cattle crossing the Niger River at Diafarabe, Mali - YouTube
- ↑ «BBC NEWS | Photo journal : Mali cattle crossings, Centuries-old tradition», news.bbc.co.uk, henta 15. september 2024
- Denne artikkelen bygger på «Yaaral- og Degal-festivalene» frå Wikipedia på bokmål, den 15. september 2024.