Storfe
(Omdirigert frå Bufe)
Storfe (Bos taurus), også kalla kveg, tamfe og kyr etter namnet på hodyra, er drøvtyggande planteetarar som er viktige i landbruk verda over.
Storfe | |
Storfe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Husdyr Utbreiinga av storfe | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Kvegdyr Bovidae |
Slekt: | Bos |
Art: | Storfe B. taurus |
Vitskapleg namn | |
Bos taurus |
Alle storferaser stammar frå uroksen (Bos primigenius), som er utdøydd. Det latinske namnet viser til eit partåa hovdyr av oksefamilien. Hovene er delt, og blir kalla klover. Dyra har to klover og to biklover. Dei manglar fortenner i overkjeven, og har fire magar. De fire magane blir kalla vom, nettmage, bladmage og løypemage.
Storfehannen blir kalla okse eller stut. Hoa blir kalla kvige frå 1-årsalder til fyrste kalving, og deretter ku. Storfe går drektige i frå 267 til 300 døger. Avkommet deira blir kalla kalv fram til om lag 1 års alder.
Sjå òg
endre- Småfe, eit fellesnamn for sau og geit.Denne landbruksartikkelen som har med biologi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.