Yafa an-Naseriyye
Yafa an-Naseriyye (arabisk يافة الناصره, «Jaffa av Nasaret», òg skrive Yafa, Yafia eller Yafi arabisk يافا, يفيع, hebraisk יָפָא, יָפִיעַ) er ein arabisk lokal kommune i Nedre Galilea i Israel. Ha utgjer ein del av storbyområdet til Nasaret, og er ein arabisk stad. Han fekk status som lokal kommune i 1960 og hadde i 2005 eit folketal på 16 200. Av dette var kring 70 % muslimar og 30 % kristne.
Yafa an-Naseriyye | |||
יָפָא, יָפִיעַ, يافة الناصره, Yafia, Yafa | |||
lokal kommune | |||
Namneopphav: Jaffa av Nasaret | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord | ||
Koordinatar | 32°41′8.88″N 35°16′28.29″E / 32.6858000°N 35.2745250°E | ||
Areal | 4,1 km² | ||
Folketal | 16 900 (2006) | ||
Folketettleik | 4 122 / km² | ||
Bystatus | 1960 | ||
Yafa an-Naseriyye 32°41′13″N 35°16′31″E / 32.686944444444°N 35.275277777778°E | |||
Kart som viser Yafa an-Naseriyye.
| |||
Wikimedia Commons: Yafa an-Naseriyye |
Historie
endreYafa er identifisert som den antikke byen Japhia, som er nemnt i Josvas bok som ein grenseby i Sebulon (Josva 19:12). Lokale mellomaldersegner hevda at Zebedee og dei to sønene hans, Jakob og Johannes, budde i Yafa.[1]
I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) landsbyen som ein «mellomstor landsby i ei sterk stilling på utstikkaren som går frå Nasaret og ned til Jebata. Han har ein brunn på nordsida og ein annan brunn i dalen i nordaust.»[2]
I folketeljinga i 1931 hadde Yafa, (inkludert Arab el Ghazzalin), 312 busette hus og eit folketal på 833, av desse 456 muslimar og 377 kristne.[3]
I 1948 vart Yafa erobra av det israelske forsvaret under Operasjon Dekel, som starta i juli det året.[4] Dei attverande innbyggjarane vart sett i unntakstilstand fram til 1966.
Ein stor del av innbyggjarane i Yafa er i dag etterkomarar etter internt forflytta flyktningar frå nabolandsbyen Ma'alul, som vart avfolka under den israelsk-arabiske krigen i 1948.[5]
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Yafa an-Naseriyye» frå Wikipedia på engelsk, den 1. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Alexandre, Yardenna (3/10/2012): Yafi‘a Final report Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine., Hadashot Arkheologiyot, no.124
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 1. London: Committee of the Palestine Exploration Fund. (p. 280 ff., 353 ff.)
- Dauphin, Claudine (1998). La Palestine byzantine, Peuplement et Populations, Vol. III : Catalogue. BAR International Series 726. Oxford: Archeopress. s. 689
- Guérin, Victor (1880). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine. Vol 3; Galilea, pt. 1. s. 103-106
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral s.63[daud lenkje]
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2. s.190
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- ↑ Edgar Johnson Goodspeed (December 1900). «From Haifa to Nasaret». The Biblical World 16 (6): 407–413. JSTOR 3136947. doi:10.1086/472713.
- ↑ Conder and Kichener, 1881, s. 280
- ↑ Mills, 1932, s. 76
- ↑ Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.200.
- ↑ Nihad Bokae'e (February 2003). «palestinsk Internally Displaced Persons inside Israel:Challenging the Solid Structures» (PDF). Badil. Arkivert frå originalen (PDF) 14. juni 2007. Henta 1. februar 2015.