Yamanlar
Yamanlar (tyrkisk Yamanlar Dağı) er eit fjell i İzmir i Tyrkia, innanfor grensene til storbyområdet til byen. Fjellet er ein utdøydd vulkan.
Yamanlar | |||
fjell | |||
İzmirbukta frå Yamanlar
| |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Provins | provinsen İzmir | ||
Topp | landsbyen Yamanlar i Karşıyaka | ||
• høgd | 1 076 moh. | ||
- koordinatar | 38°32′0″N 27°14′0″E / 38.53333°N 27.23333°E | ||
type | skjoldvulkan | ||
Yamanlar 38°32′05″N 27°11′13″E / 38.5346°N 27.18697°E | |||
Kart som viser Yamanlar.
| |||
Wikimedia Commons: Mount Yamanlar |
Fjellet er ein populær stad for utflukter for innbyggjarane i Izmir. Det går ein bratt veg opp til toppen. Det ligg ein landsby med same namn i fjellet på veg til toppen. Landsbyen høyrer til bydelen Karşıyaka og ligg kring 20 km frå sentrum av Karşıyaka.
Frå toppen har ein vidt utsyn over İzmirbukta. Ein kratersjø kalla Karagöl (tyder Svartsjø på tyrkisk) ligg nær toppen.
I november 1995 vart fjellet råka av ein styrtflod som kravde minst 61 menneskeliv i eit slumliknande område i fjellsida. Fem personar miste livet hausten 2001 i ei liknande hending.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Yamanlar» frå Wikipedia på engelsk, den 9. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Ahmet Kıvanç Kutluca, Semahat Özdemir (24. desember 2006). «Landslide, Earthquake & Flood Hazard Risks of Izmir Metropolitan City, A Case: Altindag Landslide Areas» (PDF). WASET (World Academy of Science, Engineering and Technology), Volume 24. Arkivert frå originalen (PDF) 19. mai 2012. Henta 9. august 2012.