Tatjana Vladimirovna Kotova (fødd 11. desember 1976) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Kokand i Usbekistan, som deltok internasjonalt i lengdehopp. Ho vart europameister i øvinga i 2002, og vann også fleire sølv- og bronsemedaljar i internasjonale meisterskap. Eit VM-sølv ho tok i 2005 vart annulert i 2013.

Tatjana Kotova


Tatjana Kotova, til høgre, under VM 2007, saman med gullvinnar Tatjana Lebedeva

Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 11. desember 1976 (47 år)
Kokand
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Aktiv endre

Kotova høyrde til verdseliten i lengdehopp gjennom heile det fyrste tiåret av 2000-talet. Det internasjonale gjennombrotet kom då ho vart verdsmeister innandørs 1999 etter å ha landa på 6,86 m. Året etter hoppa ho 6,83 m under Sommar-OL i Sydney, eit resultat som heldt til fjerdeplass. Same sesongen lukkast ho vinne gullpotten i den såkalla Golden League-turneringa, som den fyrste lengdehopparen.

Ved innandørs-VM 2001 hoppa ho 6,98 m og tok sølvmedaljen. Same medaljevalør fekk ho utandørs i VM i Edmonton, der ho i medvind hoppa 7,01 m, ein centimeter bak gullvinnaren Fiona May. Året etter vann Kotova gullmedaljen under EM 2002 i München. Seinare i same sesongen sette ho personleg rekord med 7,42 m.

I 2003 forsvarte Kotova VM-tittelen innandørs, medan ho i utandørs-VM i Paris tok ein ny sølvmedalje. Endå ein sølvmedalje fekk ho i innandørs-VM 2004 i Budapest, og seinare same året tok ho bronse under Sommar-OL i Aten. Nok ein sølvmedalje fekk ho tildelt då VM 2005 gjekk av stabelen i Helsinki. Våren 2006 sikra Kotova seg si tredje gullmedalje i eit innandørs-VM etter siger i lengdehopptevlinga i Moskva.

Kotova deltok også i VM i Osaka 2007, der 6,90 m heldt til bronse etter lagvenninnene Tatjana Lebedeva og Ljudmila Koltsjanova. Ho deltok også i OL 2008, men vart overraskande utslått i kvalifiseringa.

Doping endre

Urinprøvene frå friidretts-VM 2005 i Helsinki vart testa på nytt i 2013, med nyutvikla metodar. Ein fann då spor av ulovlege dopingmidlar i prøvene til Kotova, noko som førte til at ho vart diskvalfisert frå sølvmedaljen ho tok i same meisterskapen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre