Yaw Ihle Amankwah

norsk fotballspelar

Yaw Ihle Amankwah (fødd 7. juli 1988) er ein norsk fotballspelar i Eliteserien som spelar for Stabæk Fotball.[1]

Yaw Ihle Amankwah
Personleg informasjon
Fødd 7. juli 1988 (36 år)
Fødestad Bergen
Posisjon Midtstoppar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Stabæk
Nummer 3
Ungdomsklubbar
-2007 Noreg Fana
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2007–2011 Brann 33 (1)
2007 → Fana (lån) 12 (0)
2009 → Alta (lån) 26 (4)
2012–2015 Sandefjord 72 (2)
2016–2017 Tønsberg 19 (1)
2017–2019 Hobro 58 (2)
2019– Stabæk 0 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 23. juni 2019

Han har spelt for danske Hobro IK,[2] med avtale om å spela for Stabæk Fotball frå 1. august 2019.[3]

Amankwah gjekk frå Fana IL til Brann sommaren 2007, men vart lånt ut igjen til Fana resten av sesongen. Frå sesongen 2008 vart han ein del av A-stallen til Brann. I bortekampen mot HamKam same sesong debuterte han i eliteserien. I 2009 var han på utlån til Alta IF, men i 2010 kom attende til Brann og byrja å få mykje speletid på midtstopparplassen. Etter 2011-sesongen gjekk han til Sandefjord Fotball.

Kjelder

endre
  1. Amankwah klar for Stabæk. stabak.no. 25. juni 2019.
  2. 5 Yaw Amankwah, arkivert frå originalen 13. mai 2019, henta 26. juni 2019 
  3. Amankwah klar for Stabæk

Bakgrunnsstoff

endre