Alta Idrettsforening

Alta Idrettsforening (stifta 29. mai 1927 som Elvebakken Idrettslag) er eit idrettslag frå Alta i Finnmark. Klubben har avdelingar for fotball, friidrett, handball og skiidrett. A-laget til klubben i fotball spelar heimekampane sine på Alta IdrettsparkAronnes ved Altaelva, og i Finnmarkshallen under Komsafjellet.

Alta
Fullt namnAlta Idrettsforening
Grunnlagd29. mai 1927
HeimebaneFinnmarkshallen
(kapasitet: 1 240)
HovudtrenarRune Berger
SupporterklubbSteinberget
Liga2. divisjon fotball for menn
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Supportarklubben til Alta IF heiter Steinberget.

Herrefotball endre

A-laget spelar i 2. divisjon fotball for menn.

Spelarstallen

Endra 31. august 2020.[1]


Historie endre

Idrettslaget vart stifta 29. mai 1927 under namnet Elvebakken Idrettslag. I 1931 skifta dei namn til Alta Idrettslag, og 10. juni 1946 fekk dei dagens namn, Alta Idrettsforening.

På slutten av 1940-talet starta Alta IF ei stor opprydding. Området var fullt av bunkerar og brakkemurar, for tyskarane hadde hatt store anlegg her under krigen. Dei hadde òg bygt fleire vegar der banen skulle ligge, og til det hadde dei brukt sprengt fjell som fyllmasse. Det vart lagt ned mykje arbeid i steinplukking, hogging av tre, bortkøyring, påfylling og planering. Målsettinga var i første omgang å få til ein speleklar bane.

1950 endre

Den første banen på Aronnes stod ferdig i 1950. Opningskampen gjekk mot storlaget Kirkenes IF. Spelarane skifta klede i skogen, og det var heller ikkje høve til å dusje. Etter kampen vart det arrangert fest på Sandfallsletta. Alta IF fekk eit tilskot på 10 000kr til bygging av banen.

Då det første toppdekket vart lagt på vart det for laust. Deretter vart det køyrt på leirmasser frå Holstbakken, men det vart ikkje stort betre. Tilslutt prøvde dei ei blanding av sagflis og spon som skulle binde saman massane i toppdekket.

1960–1989 endre

Tidleg på 1960-talet byrja ein planlegginga av grasbane. Det måtte skaffast ein del pengar og mykje dugnadsfolk. Kommunen stilte med gratis maskinhjelp, medan spelarar og ivrige supporterar la ned mange dugnadstimar før banen kunne verte sådd og gjerdast inn.

I 1964 starta bygginga av klubbhus på Aronnes. Plasseringa var mellom grusbanen og Aronnesveien. Huset hadde to garderobar.

I 1969 vart grasbanen innvigd mot erkerivalen IL Stein frå Hammerfest.

Garderobebygget brann ned på sommaren 1972. Året etter vart det bygd eit nytt klubbhus med to garderobar og kjøken. Dei første åra var det barnehage i lokalet på dagtid, medan det vart brukt til trening på kvelden. Dette var ein kombinasjon som til tider var litt vanskeleg. Seinare vart lokalet ombygd til kafé. Arbeidet vart utført av pensjonistar i klubben på dugnad.

1990–1999 endre

Etter mange år med liten utvikling for anlegga til fotballgruppa vart det under Altaturneringen i 1993 innvigd ein ny grusbane i «skogen».

Etter sesongen 1993 rykte Alta opp i 1. divisjon under trenaren Isak Ole Hætta. Laget rykte ned att i 1995 etter to sesongar i 1. divisjon.

I mai 1994 starta eit nytt stort prosjekt. Denne gongen var det nye kontor- og garderobebygg. Dermed fekk klubben garderobar både for damer, herrar og dommarar, og i tillegg vart heile administrasjonen samla i Alta idrettspark. Bygga var produsert av Moelven og vart bygd til bruk under OL på Lillehammer. Der var dei plassert i tilknyting til bob- og akebanen ved Hunderfossen.

Tilskodarrekorden vart sett mot Rosenborg i 1995, då rundt 3 000 tilskodarar var innanfor portane.

Grasbanen var etter kvart blitt i dårleg forfatning. Han måtte pløyast opp og bli sådd på ny i 1997. Forsking hadde no kome fram til at dei gamle grasbanene inneheldt altfor store mengder mold, noko som gjorde at dei vart lite slitesterk. Dette vart ordna på og auka bruksfrekvensen på banen.

2000– endre

Etter kvart hadde mange lag byrja å få kunstgrasbanar, og gjestende lag byrja så smått å klage på baneforholda til Alta IF. Med det som bakgrunn vart det hausten 2000 teke initiativ til å planlegge kunstgrasbane i Alta idrettspark. Hausten 2000 vart banen tilsådd. Kunstgrasbanen var klar til bruk i 2001. Dermed hadde Alta idrettspark ein kunstgrasbane og to grasbanar.

Alta spelte i 1. divisjon i 2005-sesongen. Trass i sterke prestasjonar som bortesigrar over Sogndal og 3-0 siger over Mandalskameratane på heimebane, vart det ein trist sesong for klubben. Alta hamna på sisteplass med 20 poeng (11 poeng under trygg plass).

Målet for 2006-sesongen var å returnere til 1. divisjon så fort som mogeleg. Klubben hadde ein god sesong, men måtte sjå seg slått av Raufoss med tre poeng. Alta måtte derfor spele nok ein sesong i 2. divisjon.

2007-sesongen byrja litt rufsete, men Alta etablerte seg etter kvart i toppen av avdelinga. 27. oktober 2007 i siste serierunde vart det klart at Alta IF rykte opp til 1. divisjon etter 6-3 siger over Mjølner på heimebane.[2]

2008-sesongen sesongen vart redda heilt på streken der dei enda på ein 14. plass ved god hjelp av andre lags prestasjonar og forsterkningar på laget.

Arenaer endre

Alta Idrettspark endre

Alta Idrettspark er tidlegare hovudstadion til Alta IF, men er ikkje i bruk av A-laget fordi han ikkje er godkjent for 1. divisjonsbruk. Banen ligg på Aronnes i Alta. Alta idrettspark er ein av fem stadion i området. Altaturneringa vert halden på Aronnes. Finalen i gutefotball vert mellom anna spelt på Alta Idrettspark. Rundt banen er det løpebanar, og den kan òg brukast som spydkastbane.

Finnmarkshallen endre

Finnmarkshallen er hovudstadion til Alta IF, og vart raskt pussa opp då NFF ikkje ville godkjenne Alta Idrettspark. Finnmarkshallen har plass til 1200 tilskodarar, utanom presse og lagpersonell.

Finnmarkshallen er ein fleirbrukshall, som stod ferdig juli/august 1996. Eigar er Alta kommune, men hallen vert driven av eit eige driftsselskap, Finnmarkshallens Driftsselskap AS. Aksjane i driftsselskapet er fordelt mellom Alta kommune (51%), fire idrettslag (10% kvar) og Alta Næringsforening (9%).

Hallen er ca. 25 meter høg og inneheld ein full fotballbane på 100 x 64 meter. I tillegg er det fire meter tryggleikssone på langsidene og 5 meter på kortsidene. Sommaren 2006 fekk hallen nytt kunstgras. Dekket vart fylt med miljøvennlige grønne plastkuler. I tillegg fekk hallen løpebane rundt heile graset. Fire felt på den eine langsida og 2 felt på den andre. Bak det eine målet er det nedfelt lengdehoppgrop for friidrett, med 2,75 meters breidde.

Nytt stadionanlegg endre

Per 2008 er det planar om eit nytt stadionanlegg, kombinert med både hotell, butikkar og fotballstadion. Det er politisk støtte i Alta kommune for fotball og næring på same stad i Altagårdsskogen. Anlegget har ei avgrensa kostnadsramme på rundt 800 millionar, der sjølve stadionet kostar 400 millionar.[3]

Kjende medlemer endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre