Ygyatta (russisk Ыгыатта) er ei elv i Sakha i Russland og ei av sideelvane til Viljuj frå venstre. Elva er 601 km lang og har eit nedslagsfelt på 11 200 km². Elva har ei middelvassføring på 30 m³/s. Elva er om lag 10 meter djup ved munningen.

Ygyatta
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 11 200 km²
Lengd 601 km
Middelvassføring 30 /s
Munning Viljuj
Kart
Ygyatta
64°24′30″N 112°52′38″E / 64.4083°N 112.8772°E / 64.4083; 112.8772
Wikimedia Commons: Ygyatta River

Ygyatta spring ut frå Viljujplatået vest i Sakha og får hovudsakleg vasstilførsel frå snø og regn.

Ved breiddene finst edelsteinar som smaragd, rubin, sarder, beryll og andre. Det vert drive gullgraving ved elva.

Området rundt Ygyatta er av dei mest folketomme stadane i Russland.

Kjelder

endre