Opna hovudmenyen

Beryll er eit mineral som består av beryllium aluminium syklosilikat med kjemisk formel Be3Al2(SiO3)6. Dei heksagonale beryllkrystalla kan vere særs små og opp til fleire meter i storleik. Rein beryll er fargelaus, men er ofte farga av ureinleikar og mogelege fargar er grøn, blå, gul, raud og kvit.

Beryll
Beryl09.jpg
Tre variantar av beryl: morganitt, akvamarin og heliodor
Generelt
KategoriSyklosilikat
Kjemisk formelBe3Al2(SiO3)6
Strunz-klassifisering09.CJ.05
KrystallsymmetriHeksagonal diheksagonal dipyramidal
H-M-symbol (6/m 2/m 2/m)
Romgruppe: P 6/mmc
Einingscellea = 9.21 Å, c = 9.19 Å; Z = 2
Identifikasjon
Molekylvekt537.50
Fargegrøn, blå, gul, fargelaus, rosa and others
Krystallformprismatisk til tavleforma krystallar; radial, skiveforma; korna til kompakt massive
KrystallsystemHeksagonal
TvillingSjeldan
Kløyvuperfekt på {0001}
BrotMuslig til Ujamn
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala7.5–8
Glansglasaktig til harpiksaktig
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vektI snitt 2,76
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEinaksa (-)
Brytingsindeksnω = 1.564–1.595
nε = 1.568–1.602
Dobbeltbrytingδ = 0.0040–0.0070
PleokroismeSvak til tydeleg
Ultrafiolett fluorescensIngen
Kjelder[1][2][3]

Mineralet vert nytta til framstilling av beryllium, som er eit viktig legeringsmetall. I året vert det produsert kring 5000 tonn verda over, og dei største produsentane er Brasil og Russland. I Noreg er beryll funnen fleire stader i forskjellige fargar, som Iveland, Hurumlandet, Evje, Nordland, Minnesund i Eidsvoll, Tørdal og frå Svartisen-området og Drag i Tysfjord.

Då dei første brillene blei laga på 1200-talet i Italia, var linsa ofte laga av beryll, sidan vanleg glas på denne tida ikkje var særleg klårt. Dette førte til at innretninga fekk namnet brillen i Tyskland, bril i Nederland og briller i Noreg og Danmark.[4][5]

KjelderEndra

  • Beryll. (2012, 25. januar). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014 frå http://snl.no/beryll.
  1. Beryl mineral information and data, Mindat
  2. Beryl Webmineral
  3. Handbook of Mineralogy
  4. «brille». ordbok.uib.no (på norsk). Universitetet i Bergen i samarbeid med Språkrådet. Henta 3. januar 2017. 
  5. Kluge, Friedrich (1975). Etymologisches Wörterbuch der deutschen Sprache (innbunden) (21 utg.). 

BakgrunnsstoffEndra