Periglasial (samansett av gresk peri, «rundt om» og latin glacies, «is») er eit omgrep som opphavleg vart nytta innan glasiologien om klima, landformer og geomorfologiske prosessar som oppstår i nærleiken av isbrear. Omgrepet vart innførd av den polske forskaren Walery von Lozinski i 1909[1] for å beskrive frostforvitringsprosessar i Karpatane.[2]

Eit eineståande periglasialt landskap ved Tuktoyaktuk i Nordvestterritoria, Canada. Vi ser ein pingo (høgda) og ei mengd polygone iskiler.

Denne snevre bindinga til område som ligg i randsonene til isbrear er ikkje lengre ein del av definisjonen då den avgjerande faktoren er frost og aktive frostprosessar som forvitring og erosjon. Som periglasiale område reknar ein no stader som er kraftig nedfrosne i periodar av året.[3][4] Slike frostprega område kan ligge langt frå dagens eller tidlegare tiders isbrear, til dømes i det sentrale Sibir.

Periglasiale prosessar skjer der det er permafrost, dvs der undergrunnen er djupfrosen enten heile eller delar av året. Om sommaren tiner det øvre laget opp og vert utsett for fluviale erosjonsprosessar, for landmassar i rørsle og ved alvorleg tørke for sandflukt. Desse prosessane skapar karakteristiske sedimentære og geomorfologiske landskapsformer.

Kjelder endre

«Periglasial» i Store norske leksikon, snl.no.

Referansar endre

  1. W. Lozinski: «Über die mechanische Verwitterung der Sandsteine im gemäßigten Klima.» I Bulletin international de l'Academie des Sciences de Cracovie, Classe des Sciences Mathémathiques et Naturelles 1, 1909, s. 1–25
  2. Periglacial landform Arkivert 2012-02-03 ved Wayback Machine. i The Canadian Encyclopedia Arkivert 2008-08-27 ved Wayback Machine.
  3. Murck, Barbara (2001). Geology; A Self-teaching Guide. New York, New York: John Wiley & Sons, Inc. ISBN 0-471-38590-5. 
  4. Slaymaker O., 2011. Criteria to distinguish between periglacial, proglacial and paraglacial environments. Quaestiones Geographicae 30(1): 85–94. DOI 10.2478/v10117-011-0008-y.