Yngvil Armand
norsk forfattar
Yngvil Armand (fødd 21. april 1945) er ein norsk førskulelærar og barnebokforfattar, busett på Nesodden.
Yngvil Armand | |
Fødd | 21. april 1945 (77 år) |
---|---|
Fødestad | Høyanger |
Verka som | skribent |
Mor | Elisabeth Armand |
Far | Eilif Armand |
Armand er fødd i Høyanger, og oppvaksen i Bergen som dotter av skodespelaren Eilif Armand.
Armand har laga fleire biletbøker, i samarbeid med ulike biletkunstnarar. Blant bøkene finst skildringar av barndomen til Edvard Grieg og Amalie Skram. Ho har òg bidrege til bøkene Fattigboka og De bodde der, og vore medlem av redaksjonsrådet i Pedagogisk Forum.
BibliografiEndra
- – og ingen skal være aleine, barnebok, Gyldendal (1977)
- Hår i veien, billedbok, Eide (1987)
- Flaggermusen, billedbok (1988)
- Store Gutter, billedbok (1990)
- Ronny, Rasmus, og Rotta, billedbok (1991)
- Edvard fra Strandgaten, barnebok (1994)
- Amalie for lenge siden, barnebok (1996)
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Yngvil Armand» frå Wikipedia på bokmål, den 10. november 2021.