Eilif Armand

norsk skodespelar

Eilif Armand (18. mars 192128. november 1993) var ein norsk skodespelar som var kjend frå scene og film.

Eilif Armand
Fødd18. mars 1921
FødestadBergen
Død28. november 1993 (72 år)
DødsstadBergen
Verka somskodespelar, skribent, teaterskodespelar, filmskodespelar
EktefelleElisabeth Armand
BornFrøydis Armand, Merete Armand, Gisken Armand, Yngvil Armand

Skodespelar

endre

Armand debuterte i 1946 på Den Nationale Scene i Barrabas av Nordahl Grieg. Han var tilsett same stad frå 1948 til 1956 og igjen frå 1974. Frå 1958 til 1974 var Armand tilsett ved Nationaltheatret. I denne perioden spelte han 75 roller, blant andre Mikael i Faust (1963), Molvik i Vildanden (1964), professor Turman i Geografi og Kiærlighed (1967), professor Max Weber i Toller (1970), Oswald i Kong Lear, Jesper i Kiærlighed uden Strømper (1971) og John Morton, biskopen av Ely i Richard III's liv og død (1974).

På film har Armand blant anna hatt roller som kontrolløren i Ukjent mann frå 1951, bokbinder Lange i Bergen i Hans Nielsen Hauge frå 1961, kjøpmann Sagen i Broder Gabrielsen frå 1966, Birger, far i Marikens bryllup og den tilknappede i Lukka avdeling.

Lyrikar, omsetjar og litteraturmeldar

endre

Ved sida av arbeidet som scenekunstnar skreiv Armand òg lyrikk, litteraturmeldingar og omsette nordisk lyrikk. Den kommunistiske avisa Friheten trykte allereie i 1946 Armand si omsetjing av svenske Erik Blomberg sitt dikt «Falskspillere», som Armand hadde henta frå Blomberg si nyaste diktsamling Nattens ögon (1944).[1] Julaftan 1946 trykte Friheten Armand sitt eige dikt med tittelen «Et barn er født - -». Dette diktet opnar med strofene «Så armt forfrosset, grenseløst forlatt / av sol og vind, av mennesker og stjerner, / av selve livets lys! er ingen natt.» I februar 1947 opna Norges Kommunistiske Ungdomsforbund det 23. landsmøtet sitt med opplesing av Armand sin prolog Kjempende ungdom.[2][3] Prologen vart trykt neste dag i Friheten.[4] Publiseringa av tekst i avisa som var hovudorganet til Norges Kommunistiske Parti fall saman med at han var ein av fleire kunstnarar som hausten 1947 signerte eit opprop der dei oppfordra «norske åndsarbeidere» til å røysta på NKP. Oppropet vart innleidd med orda «Den optimismen som ble utløst ved nazismens fall, er hos mange i ferd med å slå om til frykt og manglende tro på framtida.» Blant dei øvrige kunstnarane som underteikna oppropet var André Bjerke, Johan Borgen, Paul Gauguin, Torborg Nedreaas og Inger Hagerup.[5]

1962 melde Eilif Armand lyrikaren Kolbein Falkeid si diktsamling Gjennom et glass-skår i avisa Friheten.[6]

Familie

endre

Eilif Armand var gift med Elisabeth. Barn deira var skodespelarane Frøydis, Merete og Gisken, og førskolelæraren og barnebokforfattaren Yngvil Armand.

Filmografi

endre

Kjelder

endre
  1. «I synsvinkelen: Falskspillere». Friheten. 13. august 1946. 
  2. Eilif Armand (24. desember 1946). «Et barn er født». Friheten – via Nasjonalbiblioteket. 
  3. «NKU's landsmøte åpnet i formiddag». Friheten. 21. februar 1947. 
  4. «Kjempende ungdom / Eilif Armands prolog ved åpningen av NKU's landsmøte». Friheten. 22. februar 1947. 
  5. «Fra norske åndsarbeidere». Friheten. 17. oktober 1947. 
  6. Eilif Armand (14. desember 1962). «Lyriker for ungdommen?». Friheten – via Nasjonalbiblioteket. 

Bakgrunnsstoff

endre