Yonkers (amerikansk uttale [ˈjɑːŋkərz]) er den største byen i Westchester County i den amerikanske delstaten New York, og den fjerde største byen i delstaten. Han hadde 195 976 innbyggarar ved folketeljinga i 2010, med ein flatevidd på 52,6 kvadratkilometer. Yonkers er ein tett folkesett forstad i den nordlege delen av storbyregionen New York og ligg like nord for bygrensa til New York.

Yonkers
by
Land  USA
Areal 52,56768 km²
Folketal 211 569 (1. april 2020)[1]
Kart
Yonkers
40°56′29″N 73°51′52″W / 40.941388888889°N 73.864444444444°W / 40.941388888889; -73.864444444444
Wikimedia Commons: Yonkers, New York

Geografi endre

Yonkers by er ein kommune på grensa til Bronx i storbyregionen New York, like nord for grensa til byen New York på austbreidda av Hudsonelva. Terrenget her er kupert og varierer i høgd frå havnivå til kring 130 meter over havet.

Historie endre

Namnet Yonkers endre

Staden der Yonkers ligg i dag var del av Colen Donck, eit område kjøpt i juli 1645 av Adriaen van der Donck, kjend blant lokale barn som «Junkeren» (nederlandsk Jonkheer). Dette blei opphavet til dei engelsktalande nybyggjarane sitt seinare namn på staden, «Yonkers». Området gjekk frå den noverande grensa mellom Manhattan og Bronx ved Marble Hill 19 kilometer nord og frå Hudsonelva austover til Bronx River. Van der Donck lét oppføra eit sagbruk i nærleiken av utløpet til Nepperhan Creek i Hudsonelva; Nepperhan er i dag òg kjend som Saw Mill River. Van der Donck blei drepen i persikokrigen mellom dei nederlandske nybyggjarane og lokale indianarstammar. Kona hans blei teken som gissel og seinare frigjeven.

Philipse Manor endre

Nær staden der det første sagbruket låg står framleis Philipse Manor Hall. Denne herregarden blei oppført kring 1682 for godseigaren Frederick Philipse, som åtte heile det området som utgjer Yonkers i dag og store delar av noverande Westchester County. Ein seinare arving av Philipse, godseigaren Frederick Philipse III, var britisktru lojalist under den amerikanske sjølvstendekrigen, blei dømd for landssvik av opprørarane og fekk derfor eigedomen konfiskert. Godset blei stykka opp og selt på auksjon.

Industrialisering endre

Frå midten av 1600-talet til midten av 1800-talet var Yonkers ein landleg provinsby med ein livleg industri ved stranda. Den seinare tilveksten av byen blei driven fram av industriane og nærleiken til den framveksande storbyen New York. Elisha Graves Otis fann opp den første tryggleiksheisen i 1853 og starta den fyrste fabrikken til Otis Elevator Companys i nærleiken av noverande Vark Street ved Hudsonelva. Kring 1880 flytta fabrikken til større lokale, i bygningen som seinare kom til å bli Yonkers bybibliotek. Alexander Smith and Sons Carpet Company i Yonkers blei grunnlagt på same tid ved Saw Mill River og hadde med 800 vevstolar og over 4 000 tilsette ein av dei største teppefabrikkane i verda.

Yonkers var opphavleg ein landleg kommune, men det tettbebygde området som omfatta Yonkers blei Village of Yonkers i 1854, og 1872 blei heile kommunen til bykommunen City of Yonkers. Fram til 1874 inkluderte Yonkers òg dei sørlege områda Kingsbridge og Riverdale, men dette året blei dese innlemma i byen New York og blei sidan til bydelen Bronx. I 1898 blei det halde folkeavstemmingar i bykommunane Yonkers, Mount Vernon, Queens, Brooklyn og Staten Island om å slå seg saman med Manhattan, men medan resultata var positive dei fleste stadene, som dermed kom å danna den noverande storbyen New York, var Yonkers og Mount Vernon i nord negative til å gå inn i storbyen. Dermed kom Yonkers og Mount Vernon til å bli verande sjølvstendige forstader, men samanslåingsforslaget, den urbane karakteren og dei nære banda til storbyen New York gjer at Yonkers av og til lokalt blir kalla for "The Sixth Borough".

Yonkers fekk jernbanesamband 1888 frå Manhattan og vidare nordover gjennom The New York City and Northern Railway Company, seinare New York Central Railroad. Fram til 1943 fanst det òg ei sidelinje til Getty Square.

Den fyrste golfbanen i USA, St. Andrew's Golf Club, blei opna i Yonkers 1888.

1900-talet endre

Bakelite, verdas fyrste heilsyntetiske plast, blei funnen opp i Yonkers av Leo Baekeland kring 1906, og fram til 1920-talet blei plasten tilverka her. Ved byrjinga av 1900-talet fanst de tòg ein tidleg bilprodusent her, Colt Runabout Company, men selskapet gjekk seinare i konkurs. På denne tida låg òg Waring Hat Company, den største hatteprodusenten i USA, i Yonkers. Under andre verdskrigen blei industriane delvis omstil til krigsproduksjon; Alexander Smith and Sons produserte telt og filt og Otisfabrikkane produserte stridsvogner. Etter krigen kom store delar av industrien i byen til å bli lagt ned grunna konkurranse frå billegare importprodukt. Alexander Smith-fabrikkane, ein av dei største arbeidsgjevarane, blei stengde i samband med ein streik i juni 1954, og 1983 kom òg Otis Elevator Company til å legga ned verksemda si i byen. Sidan då har Yonkers i høgare grad takka vera dei gode transportsambanda og nærleiken til New York blei ein pendlarforstad, og visse attraktive område som Crestwood og Park Hill kom til å bli populære blant velståande New York-buar som ville flytta unna Manhattan men enno vera nær bylivet.

4. januar 1940 blei verdas fyrste FM-radiosending send av Edwin Armstrong frå heimen til medarbeidaren og C.R. Runyon i Yonker. I 1942 blei det lagt planar om ei forlenging av metroen mellom 242nd Street og Getty Square, men planane blei seinare forlatne.

I 1960 bestod befolkninga i byen ifølgje dåverande befolkningstal av 95,8 % kvite amerikanarar og 4,0 % afroamerikanarar. Rasediskriminering og segregasjon i byen blei gjenstand for ein fleire decennium lang rettsleg konflikt i føderale domstolar som enda i 1985 med at byen blei felt for diskriminering, ifølge domsavgjera på grunn av at kommunale bustader hovudsakleg var konsentrerte til visse skuledistrikt. Dette førte til at skulane i byen blei integrerte i 1988.

Kjende folk frå Yonkers endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Yonkers