You're Gonna Make Me Lonesome When You Go

You're Gonna Make Me Lonesome When You Go
Song av Bob Dylan
frå albumet Blood on the Tracks
Utgjeve Januar 1975
Innspelt 17. september 1974
Sjanger Folkrock
Lengd 2:54
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Dylan

«You're Gonna Make Me Lonesome When You Go» er ein song av Bob Dylan. Han vart spelt inn i september 1974 og kom ut på albumet Blood on the Tracks i januar 1975.

Songen var ein av få som Dylan prøvde å spele inn med fullt band (Eric Weissberg og Deliverance) under dei første innspelingane for albumet i september 1974 i New York. Det vart gjort fleire forsøk, inkludert eit langsamt balladearrangement, men Dylan valde til slutt eit nesten akustisk arrangement der han berre vart akkompagneert av Deliverance-bassisten Tony Brown. Alle dei forskjellige versjonane som vart spelte inn av «You're Gonna Make Me Lonesome When You Go» kom ut i 2018 på luksusutgåva av The Bootleg Series Vol. 14: More Blood, More Tracks, og eit opptak kom òg ut på den enkle CD-utgåva og den doble vinylutgåva av albumet.[1]

The Daily Telegraph skildra songen som «Dylan sitt mest fullverdige meisterverk, spekka av lyrisk blod og tore og gjennomborande observasjonar.» I følgje Telegraph var songen «den enklaste, lettaste songen på albumet - men er likevel hjarteskjerande i den nesten likegyldige overgjevinga til den uungåelege hjartesorga.»[2]

Dylan har ikkje spelt songen på konsertane sine sidan 1976.[3]

Andre versjonar endre

Miley Cyrus og Johnzo West spelte inn songen for Amnesty International på albumet Chimes of Freedom: Songs of Bob Dylan Honoring 50 Years of Amnesty International, eit veldedig hyllestalbum til Dylan frå 2012.[4]

Elvis Costello spelte inn songen på bonusplata for albumet sitt Kojak Variety.

Songen er òg blitt spelt av mange andre artistar som Madeleine Peyroux, Shawn Colvin, Raul Malo, Mary Lou Lord, Mary Lee's Corvette, Maria Muldaur, Naked Eyes og Rhett Miller.

Saradha Koirala nemner songen i romanen sin, Lonesome When You Go.[5]

Norske versjonar endre

Ein norsk tekst til songen vart skriven av Stein Erik Lunde og kalla «Du veit at jeg blir ensom når du drar». Han vart framført av Ødeland Kvartal i 1996 på singelen «4 sanger av Bob Dylan». Ein nynorsk tekst vat skriven av Tom Roger Aadland, kalla «Du gjer meg einsam når du dreg» for Blod i spora frå 2009.

Kjelder endre

  1. «More Blood, More Tracks – The Bootleg Series Vol. 14 to Be Released on November 2 | The Official Bob Dylan Site». www.bobdylan.com (på engelsk). Henta 25. november 2018. 
  2. McCormick, Neil (18. november 2013). «Bob Dylan: 30 greatest songs». Telegraph. Henta 25. november 2018. 
  3. Willman, Chris (21. januar 2015). «Dylan's Bloody-Best Album: 40 Facts About the 40-Year-Old 'Blood on the Tracks'». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2. oktober 2017. Henta 25. november 2018. 
  4. Wilson, Greg (27. oktober 2011). «Miley Cyrus to Cover Bob Dylan on New Album». NBC. Henta 25. november 2018. 
  5. ««Lonesome When You Go by Saradha Koirala»: Goodreads». 

Bakgrunnsstoff endre