Eric Weissberg
Eric Weissberg (fødd 16. august 1939) er ein amerikansk banjogitarist og multi-instrumentalist, mest kjend for å ha spelt «Dueling Banjos» i filmen Deliverance. Han var involvert i eit søksmål med låtskrivaren av songen.
Eric Weissberg | |||
Fødd | 16. august 1939 (85 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New York by | ||
Død | 22. mars 2020 | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1958 til i dag | ||
Sjanger | Country, bluegrass | ||
Instrument | Banjo, steelgitar | ||
Plateselskap | Elektra, Warner Bros. |
Biografi
endreHan spelte i ei tidleg utgåve av Greenbriar Boys (1958–59), men slutta før dei spelte inn noko i studio. Han vart så med The Tarriers, der han erstatta Erik Darling. The Tarriers hadde nyleg hatt ein hitt med «Banana Boat Song», men Harry Belafonte fekk ein større hit med same songen kort tid etter. Weissberg spelte først bass i gruppa, men talentet som banjogitarist, felespelar gitarist, mandolinist og songar gjorde at han fekk større roller. Det første albumet med The Tarriers, Tell The World About This (1960) hadde ei mykje røffare kjensle enn den glatte stilen til The Weavers eller The Kingston Trio. I 1964 måtte han gjere teneste i nasjonalgarden, men då han kom attende vart gruppa starta opp att. I 1964 spelte gruppa med Judy Collins på ein turné i Polen og Russland, men vart oppløyst kort tid etter. Judy Collins nytta han vidare som studiomusikar på albumet Fifth Album (1965) og fleire seinare album.
Etter kvart som interessa for akustiske visegrupper dalte, byrja Weissberg ein karriere som studiomusikar og spelte på album av The Clancy Brothers, Doc Watson, Melanie, Billy Joel, Bob Dylan, Loudon Wainwright III, Talking Heads, Tom Paxton, Jim Croce, Art Garfunkel, John Denver, Ronnie Gilbert og andre. Han er hovudsakleg hugsa for hitsingelen «Dueling Banjos», kjenningsmelodien i filmen Deliverance, produsert av Joe Boyd og regissert av John Boorman.
Weissberg spelar framleis på visefestivalar og er nesten like kjend for dobro-spelinga si som bluegrass-banjospelinga. Han spelte òg med jazzmusikarane Herbie Mann og Bob James. I 1998, vart han med Richard Thompson og mange andre visesongarar på Nanci Griffith-albumet Other Voices Too.
I det siste har han turnert mykje med Tom Paxton.
Diskografi
endreAlbum
endreÅr | Album | Lister | R.I.A.A.[1] | selskap | ||
---|---|---|---|---|---|---|
US Country | US | CAN | ||||
1963 | New Dimensions in Banjo and Bluegrass | — | — | — | — | Elektra |
1973 | Dueling Banjos | 1 | 1 | 1 | Gold | Warner Bros. |
Rural Free Delivery | — | 196 | — | — | ||
1996 | Banjo Jamboree: Tradition Series | — | — | — | — | Rykodisc |
Singlar
endreÅr | Singel | Lister | R.I.A.A.[1] | Album | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
US AC | US | US Country | CAN AC | CAN | CAN Country | ||||
1973 | «Dueling Banjos» (med Steve Mandell) | 1 | 2 | 5 | 1 | 2 | 9 | Gold | Dueling Banjos |
«Reuben's Train» | — | — | — | 69 | — | 71 | — | ||
1975 | «Yakety Yak» (med Deliverance) | — | — | 91 | — | — | — | — | berre singel |
Studioinnspelingar
endre- The Boys Won't Leave the Girls Alone (The Clancy Brothers and Tommy Maken, 1962)
- «Sunny's Gallery of Folk Songs» (Sunny Schwartz, 1963)
- Fifth Album (Judy Collins, 1965)
- Live At Newport (1959–1966) (Judy Collins)
- Ballads From Deep Gap (Doc and Merle Watson, 1967)
- The Good Book (Melanie, 1971)
- Poems, Prayers & Promises (John Denver, 1971)
- Portfolio (Richie Havens, 1973)
- Rocky Mountain High (John Denver, 1973)
- True Stories and Other Dreams (Judy Collins, 1973)
- John Denver's Greatest Hits (John Denver, 1973)
- Piano Man (Billy Joel, 1973)
- Blood on the Tracks (Bob Dylan, 1974)
- Judith (Judy Collins, 1975)
- Free Beer (Free Beer, 1975)
- Sing Children Sing: Songs of the USA of America (UNICEF, 1977)
- Final Exam (Loudon Wainwright III, 1978)
- Little Creatures (Talking Heads, 1985)
- Album III (Loudon Wainwright III, 1990)
- Heroes (Tom Paxton, 1992)
- Judy Sings Dylan ... Just Like a Woman (Judy Collins, 1993)
- Shameless (Judy Collins, 1994)
- Take The Fifth (compilation; Bridget St John, 1995)
- Other Voices Too (Nanci Griffith, 1998)
- Live For The Record (Tom Paxton, 1999)
- Times Like These (Rick Danko, 2000)
- Live at Wolf Trap (Judy Collins, 2002)
- Copper: Original Soundspor (Brian Keane, 2013)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Eric Weissberg» frå Wikipedia på engelsk, den 28. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 338. ISBN 0-214-20512-6.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad Arkivert 2019-03-04 ved Wayback Machine.