You Better You Bet

«You Better You Bet»
Singel av The Who
frå albumet Face Dances
B-side

«The Quiet One»

Utgjeve 21. mars 1981
Innspelt 4. november 1980
Odyssey Studios, London
Sjanger Rock
Lengd 5:36
Selskap Warner Bros.
Tekstforfattar Pete Townshend
Låtskrivar(ar) Pete Townshend
Produsent Bill Szymczyk
The Who-kronologi 
«Who Are You»
1978
«You Better You Bet» «Don't Let Go the Coat»
1981


«You Better You Bet» er ein song skriven av Pete Townshend for The Who og albumet Face Dances frå 1981.

Songen var den siste singelen av The Who som nådde Topp 20 i USA med ein 18. plass den 21. mars 1981. Songen var òg den siste til bandet som nådde Topp 10 i Storbritannia med ein niandeplass.

Det vart laga ein musikkvideo til songen i svartkvitt med bandet og John Bundrick som spelar songen på scenen. Det var den fjerde videoen som vart spelt dagen MTV starta 1. august 1981.

Songen er sungen av Roger Daltrey, men inneheld korvokal av Townshend og bassist John Entwistle.

Songen har ein referanse til både T.Rex og The Who-albumet Who's Next frå 1971 med linja «I drunk myself blind to the sound of old T.Rex... and Who's Next»

Kjelder endre