You av Vasil Garvanliev

«You»
Song av Vasil Garvanliev
Land Nord-Makedonia
Språk Engelsk
Utgjeve 8. mars 2020
Sjanger Pop
Lengd 03:00
Selskap Independent
Låtskrivar(ar) Nevena Neskoska, Kalina Neskoska, Alice Schroeder

«You» (norsk 'du') er ein popsong frå 2020 som vert framført av den makedonske songaren Vasil Garvanliev. Songen skulle ha vore det makedonske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1] Tittelen vart offentleggjord 14. februar, medan songen vart gjeven ut 8. mars same år.[2][3]

Bakgrunn endre

«You» vart internt vald ut av Makedonsk radio og televisjon (MRT) som det makedonske bidraget til Eurovision Song Contest 2020. Låten vart komponert av den makedonsk-fødde låtskrivaren og produsenten Nevena Neskoska, busett i Chicago. Ho hadde òg skrive songteksta saman med Kalina Neskoska og Alice Schroeder.[2]

Songen vart framført av Vasil Garvanliev, som i januar 2020 vart internt vald av MRT til å representere landet i Eurovision Song Contest.[4] I januar 2020 vart Nord-Makedonia trekt til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland tysdag 12. mai.[5] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.[6]

Referansar endre

  1. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  2. 2,0 2,1 «Vasil will sing YOU for North Macedonia at Eurovision 2020» (på engelsk). 14. februar 2020. Henta 21. februar 2020. 
  3. «North Macedonia's Vasil released 'YOU'». eurovision.tv. 8. mars 2020. Henta 8. mars 2020. 
  4. «North Macedonia: Vasil Garvanliev to Sing "You" at Eurovision 2020» (på engelsk). 14. februar 2020. Henta 21. februar 2020. 
  5. «First Semi-Final of Rotterdam 2020». eurovision.tv. Henta 21. februar 2020. 
  6. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.