Vasil Garvanliev

makedonsk songar

Vasil Garvanliev (fødd 2. november 1984) er ein makedonsk songar og baryton, kjend under artistnamnet Vasil. Han har samarbeidd med artistar som Nelly Furtado, Julie Andrews, New Kids on the Block, Enrique Iglesias og Céline Dion. Garvanliev skulle ha representert Nord-Makedonia i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med låten «You», men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien.[1] Han representerte i staden landet i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Here I Stand».[2]

Vasil Garvanliev

Fødd2. november 1984 (40 år)
FødestadStrumitsa
FødenamnВасил Гарванлиев
OpphavNord-Makedonia, Bulgaria
Aktiv1991–
Sjangerpop
Stemmetypebaryton
Verka somsongar, komponist

Bakgrunn

endre

Garvanliev vart fødd i Strumica i Den sosialistiske republikken Makedonia i Jugoslavia i 1984. Sju år gammal fekk han eit lite gjennombrot då han deltok i fleire populære barnefestivalar i Nord-Makedonia. Ti år gammal flytta familien til Chicago i USA, der han fortsette songkarrieren som solist i Chicago Children’s Choir. Seinare flytta familien frå USA, og Garvanliev flytta då til Milano i Italia, der han dreiv med opera og popmusikk. Sidan vart han innvilga stipend ved The Royal Conservatory of Music i Toronto i Canada, der han var blei i ni år.[3]

Garvanliev flytta attende til Nord-Makedonia i 2018, og flytta tilbake til heimbyen Strumica. Han har gjeve ut tre singlar: «Gjerdan», «Patuvam» og «Mojata Ulica». Han heldt sin fyrste solokonsert for fulle hus heime i Strumica i november 2019.[4] Tidlegare same året var han støttevokalist for Tamara Todevska under Eurovision Song Contest. 15. januar året etter kunngjorde makedonsk fjernsyn at Garvanliev skulle representere Nord-Makedonia i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam. Han skulle ha delteke med låten «You», men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlysa Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[5]

I januar 2021 kunngjorde makedonsk fjernsyn at Garvanliev skulle representere landet i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam. 12. februar kunngjorde artisten at han skulle delta med låten «Here I Stand».[6][2] Songen enda nest sist i semifinalen, og gjekk dimed ikkje vidare til finalen.

Referansar

endre
  1. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  2. 2,0 2,1 «Latest News: North Macedonia's Vasil reveals song title and artwork 🇲🇰» (på engelsk). 12. februar 2021. Henta 15. februar 2021. 
  3. «Vasil’s long and lonely journey to Canada for the love of song». Toronto Star. 27. november 2006. Henta 15. januar 2020. 
  4. «North Macedonia sends Vasil to Rotterdam». eurovision.tv. 15. januar 2020. Henta 15. januar 2020. 
  5. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  6. «Vasil is back for North Macedonia!» (på engelsk). 20. januar 2021. Henta 21. januar 2021.