Your Mamma Won't Like Me
Your Mamma Won't Like Me Studioalbum av Suzi Quatro | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. mai 1975[1] | |
Innspelt | Audio International, London[2] | |
Sjanger | ||
Lengd | 34:00 | |
Selskap | Rak[3] | |
Produsent | ||
Suzi Quatro-kronologi | ||
---|---|---|
Quatro (1974) |
Your Mamma Won't Like Me | Aggro-Phobia (1976)
|
Singlar frå Your Mamma Won't Like Me | ||
|
Your Mamma Won't Like Me er det tredje studioalbumet til den amerikanske musikaren Suzi Quatro.[6] Det kom ut i mai 1975 på Rak i fleire land, men kom ut i USA på Arista Records. Plata markerte ei endring i hardrockstilen hennar frå dei to førre albuma Suzi Quatro og Quatro, mot ein meir funk-basert rockestil.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Christgau's Record Guide | B–[5] |
Tittelsporet nådde 31. plassen på den britiske singellista i februar 1975.[7] Den andre singelen til bandet, «I Bit off More Than I Could Chew», nådde òg lista, og nådde 54. plassen på den britiske singellista. «Michael» vart gjeven ut på singel i somme land, inkludert Australia, der han gjekk inn på topp 100. Albumet nådde albumlistene i fleire land, med ei topp 50-plassering i Tyskland, Noreg og New Zealand, i tillegg til at det nådde 146. plassen i USA.
Albumet inneheld ein coverversjon av Little Willie John sin «Fever». Dette var den siste plata hennar med Alistair Mackenzie på klaverinstrument og Mike Deacon erstatta han etter dette. I 2012 vart albumet gjeve ut på ny og digitalt ommastra på 7T's Records i Storbritannia, i lag med dei andre studioalbuma hennar.[3] Denne utgåva kom med bonusspor og nokre sjeldne fotografi.[1]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «I Bit Off More Than I Could Chew» | Mike Chapman, Nicky Chinn | 3:44 |
2. | «Strip Me» | Mike Chapman, Nicky Chinn | 3:10 |
3. | «Paralysed» | Suzi Quatro, Len Tuckey | 2:44 |
4. | «Prisoner of Your Imagination» | Suzi Quatro, Len Tuckey | 4:51 |
5. | «Your Mamma Won't Like Me» | Mike Chapman, Nicky Chinn | 3:59 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Can't Trust Love» | Suzi Quatro, Len Tuckey | 3:42 |
7. | «New Day Woman» | Suzi Quatro, Len Tuckey | 3:37 |
8. | «Fever» | Eddie Cooley, John Davenport | 3:39 |
9. | «You Can Make Me Want You» | Suzi Quatro, Len Tuckey | 3:43 |
10. | «Michael» | Suzi Quatro, Len Tuckey | 3:31 |
Salslister
endreListe (1975) | Peak Position |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[8] | 11 |
Medverkande
endre- Suzi Quatro - solovokal, bassgitar
- Len Tuckey - sologitar, korvokal
- Dave Neal - trommer, korvokal
- Alistair Mackenzie - klaverinstrument, korvokal
- Bud Beadle - saksofon
- Chris Mercer - saksofon
- Mick Eve - saksofon
- Steve Gregory - saksofon
- Ron Carthy - trompet
- Pete Coleman - lydteknikar
- Mike Chapman - produsent
- Nicky Chinn - produsent[4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Your Mamma Won't Like Me» frå Wikipedia på engelsk, den 15. april 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Your Mama Won't Like Me». Allmusic. Henta 15. april 2022.
- ↑ «Suzi Quatro – Your Mamma Won't Like Me (1975, Textured gatefold sleeve, Vinyl)». Discogs.
- ↑ 3,0 3,1 «Your Mama Won't Like Me : Releases». Allmusic. Henta 15. april 2022.
- ↑ 4,0 4,1 «Your Mama Won't Like Me : Credits». Allmusic. Henta 15. april 2022.
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: Q». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 15. april 2022 – via robertchristgau.com.
- ↑ Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 785–6. ISBN 1-84195-017-3.
- ↑ «UK Official Charts». Official Charts Company. 2019. Henta 15. april 2022.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 243. ISBN 0-646-11917-6.