Youri Djorkaeff

fransk fotballspelar

Youri Raffi Djorkaeff (fødd 9. mars 1968) er ein fransk tidlegare fotballspelar, fødd i Lyon. Med Frankrikes landslag var han med på å vinne VM 1998 og EM 2000. Elles vann han i 1996 Cupvinnarcupen med Paris Saint-Germain og i 1998 UEFA-cupen med FC Internazionale.

Youri Djorkaeff
Youri Djorkaeff i 2011
Personleg informasjon
Fullt namn Youri Raffi Djorkaeff
Fødselsdato 9. mars 1968 (56 år)
Fødestad Lyon i Frankrike
Høgd 180 cm
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1984-1989 Grenoble 82 (23)
1989-1990 Strasbourg 35 (25)
1990-1995 Monaco 155 (59)
1995-1996 Paris Saint-Germain 35 (13)
1996-1999 Inter 87 (30)
1999-2002 Kaiserslautern 55 (14)
2002-2004 Bolton 75 (20)
2004Blackburn (lån) 3 (3)
2005-2006 NY Red Bulls 45 (12)
Totalt 584 (196)
Landslag
1993-2002 Frankrike 82 (23)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Klubbspel endre

Djorkaeff spelte for Grenoble frå 1985 til -89. Sesongen 1989/90 var han FC Strasbourg-spelar. Frå 1990 til -95 var han ein av drivande dyktig angrepsspelar for Monaco FC, toppskårar i Ligue 1 med 20 mål i 1994. Frå tida i Monaco fekk han med seg lagets triumf i den franske cupen 1991.

1995/96-sesongen tilbringa han i Paris Saint-Germain, ein sesong som vart krynt med siger 1-0 over Rapid Wien i finalen i Cupvinnarcupen. Straks etter vart han overført til den italienske toppklubben Inter, ein klubb han vann UEFA-cupen 1998 med. I 1999 gjekk ferda vidare til tyske Kaiserslautern. Deretter spelte han for engelske Bolton Wanderers frå 2002 til -04. På tampen av karrieren var han Blackburn Rovers-spelar, før han avslutta i nordamerikanske MetroStars. Han la opp i 2006.

Landslagsspel endre

Djorkaeff var så godt som fast i fyrsteellevaren til Frankrike frå han debuterte i 1993 til det var takk og farvel etter den for Frankrike svake innsatsen under VM i fotball 2002. Han spelte i samtlege internasjonale meisterskap frå 1996 til 2002. Både under verdsmeisterskapen 1998 på heimebane, og i europameisterskapen to år seinare, var han mellom dei som spelte Frankrike fram til meistertitlar. Djorkaeff tok på seg den fransk landslagstrøya 82 gongar og skåra 28 mål for Frankrike.

Kjelder endre