Ytre Møkkalasset fyrstasjon

(Omdirigert frå Ytre Møkkalasset fyr)

Ytre Møkkalasset fyrstasjon, eller Tvedestrand fyr er eit fyr som ligg på eit skjer mellom Kilsund og Kalvesund i Arendal kommune i Agder.

Ytre Møkkalasset fyrstasjon

FylkeAgder
KommuneArendal
FunksjonLei-/innseglingsfyr
Oppretta1888
Koordinatar58°33′N 9°0′E / 58.550°N 9.000°E / 58.550; 9.000
Fyrtårn
Høgd17,2
FormRundt fyrtårn
ByggjematerialeStøypejern
Fyrlys
LyskarakterLysglimt vart 60. sek.
Lyshøgd17,1 moh.
Lysvidde11,8 nm
Status
EigarKystverket
Nedlagt1986
Automatisert1946
Avfolka1946
VernestatusFreda etter lov om kulturminne
Kart
Ytre Møkkalasset fyrstasjon
58°32′25″N 9°00′12″E / 58.5404°N 9.00332°E / 58.5404; 9.00332

Fyret fungerte som lei- og innseglingsfyr og vart oppretta i 1888 etter ønske frå Tverdalsøens Sømandsforening. Dette var det første støypejernstårnet i Aust-Agder.

Det første anlegget endre

 
 
Plasseringa til Ytre Møkkalasset fyrstasjon

Ytre Møkkalasset fyr er eit 15 meter høgt støypejernstårn plassert på ein 3 meter høg steinsokkel. Det vart innreidd eit lite kjøkken og to små rom, i steinsokkelen eit kjellerrom og ein oljebod, samt vassbehaldar. På det vesle skjeret var det ikkje plass til noko familebustad, og fyrbygningen vart sett opp i BrårvikkilenFlosterøya. Fyret vart tent 15. september 1888

I 1945 vart tårnet skadd under eit åtak av allierte fly. Tårnet og lykta vart reparert i 1946, men samstundes vart fyret automatisert og avfolka. Det vart installert ei fyrlykt med ei acetylengassbrennar. Fyret vart sløkt og nedlagt i 1986.

Dagens anlegg endre

I dag fungerer Ytre Møkkalasset som dagmerke. Sidan 1986 har fyret stått og forfall, og i dag er det berre eit tomt skal igjen.

Fyrstasjonen er eit sjeldan døme på eit lågt støypejernstårn med marginale buforhold, men er ikkje freda.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Andre kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre