Ytre Møkkalasset fyrstasjon
Ytre Møkkalasset fyrstasjon, eller Tvedestrand fyr er eit fyr som ligg på eit skjer mellom Kilsund og Kalvesund i Arendal kommune i Agder.
| |
Fylke | Agder |
---|---|
Kommune | Arendal |
Funksjon | Lei-/innseglingsfyr |
Oppretta | 1888 |
Koordinatar | Koordinatar: |
Fyrtårn | |
Høgd | 17,2 |
Form | Rundt fyrtårn |
Byggjemateriale | Støypejern |
Fyrlys | |
Lyskarakter | Lysglimt vart 60. sek. |
Lyshøgd | 17,1 moh. |
Lysvidde | 11,8 nm |
Status | |
Eigar | Kystverket |
Nedlagt | 1986 |
Automatisert | 1946 |
Avfolka | 1946 |
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne |
![]() Ytre Møkkalasset fyrstasjon | |
Fyret fungerte som lei- og innseglingsfyr og vart oppretta i 1888 etter ønske frå Tverdalsøens Sømandsforening. Dette var det første støypejernstårnet i Aust-Agder.
Det første anlegget Endra
Ytre Møkkalasset fyr er eit 15 meter høgt støypejernstårn plassert på ein 3 meter høg steinsokkel. Det vart innreidd eit lite kjøkken og to små rom, i steinsokkelen eit kjellerrom og ein oljebod, samt vassbehaldar. På det vesle skjeret var det ikkje plass til noko familebustad, og fyrbygningen vart sett opp i Brårvikkilen på Flosterøya. Fyret vart tent 15. september 1888
I 1945 vart tårnet skadd under eit åtak av allierte fly. Tårnet og lykta vart reparert i 1946, men samstundes vart fyret automatisert og avfolka. Det vart installert ei fyrlykt med ei acetylengassbrennar. Fyret vart sløkt og nedlagt i 1986.
Dagens anlegg Endra
I dag fungerer Ytre Møkkalasset som dagmerke. Sidan 1986 har fyret stått og forfall, og i dag er det berre eit tomt skal igjen.
Fyrstasjonen er eit sjeldan døme på eit lågt støypejernstårn med marginale buforhold, men er ikkje freda.
Sjå òg Endra
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Ytre Møkkalasset fyr» frå Wikipedia på bokmål, den 2. oktober 2008.
Andre kjelder Endra
- «Ytre Møkkalasset fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff Endra
- Sjømerke i Arendal Arkivert 2007-08-10 ved Wayback Machine.
- Ytre Møkkalasset fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren