Ytterøy kommune

tidlegare kommune i Nord-Trøndelag fylke i Noreg
Tidlegare Ytterøy kommune
Komm.nr. 1722
Fylke Nord-Trøndelag
Slått saman med Levanger kommune
Dato for samanslåing 1. januar 1964
Adm.senter
Areal 28 km²
Folketal ved samanslåing 722
Politikk
Siste ordførar Henrik Sandstad (Sp)
Målform
Nettstad www.levanger.kommune.no

Ytterøy kommune er ein tidlegare kommune i Nord-Trøndelag. Kommunen vart slått saman med Levanger kommune 1. januar 1964. Kommunen omfatta ved samanslåinga Ytterøya.

Fram til 1917 heitte kommunen Ytterøen.

I det tidlegare kommunehuset frå 1950-talet er i dag Ytterøy skole.

Kommunehistorikk

endre

Ytterøy var eige formannskapsdistrikt frå 1837 og omfatta på dette tidspunktet også Mosvik og Verran.

1. januar 1867 vart kommunen delt i to og Mosvik og Verran skild ut som eigen kommune. Ytterøy hadde 1 499 innbyggjarar etter delinga.

Ytterøy var sjølvstendig kommune fram til han vart slått saman med Levanger 1. januar 1964. Då hadde innbyggjartalet falle til 722.[1]

Tidlegare ordførarar[2]

endre
  • 1956-1963 Henrik Sandstad
  • 1938-1955 Ingmar Nøst
  • 1938 Johs. Stavrum
  • 1932-1937 Sofus Vigen
  • 1930-1931 John Vigen
  • 1923-1929 Sofus Vigen
  • 1903-1922 A. Faanes
  • 1895-1902 Peder Sandstad
  • 1885-1894 Anders Møen
  • 1882-1884 Peder Sandstad
  • 1876-1881 John Guldahl
  • 1867-1875 Martinus Barstad

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre