Yuyao (kinesisk skrift 余姚, pinyin Yúyáo) er eit byfylke i provinsen Zhejiang i Folkerepublikken Kina. Det er administrativt underlagt Ningbo.

Yuyao
fylke
Tongjibrua i Yuhao, bygd under Yuandynastiet.
Land  Folkerepublikken Kina
Areal 1 428,04 km²
Folketal 1 095 000 (2017)
Kart
Yuyao
30°02′14″N 121°09′17″E / 30.037195°N 121.15463°E / 30.037195; 121.15463
Yuyao er det blå området nordvest på dette kartet over administrative einingar i Ningbo.
Yuyao er det blå området nordvest på dette kartet over administrative einingar i Ningbo.
Yuyao er det blå området nordvest på dette kartet over administrative einingar i Ningbo.
Ningbo i Kina
Ningbo i Kina
Ningbo i Kina
Wikimedia Commons: Yuyao

Byfylket ligg sør for Hangzhoubukta. Det hadde 830 399 innbyggjarar i 1999.[1]

Historie

endre
 
Svart keramikk frå Hemudukulturen.

Hemudukulturen oppstod i dagens Yuyao under yngre steinalder, ca. 5 000 f.Kr.

Yuyao har seinare vore heimstad for ei rekkje leiande filosofar og tenkjarar, som Yan Zi-Ling under Han-dynastiet, Yu Fan i Dei tre kongedøma-perioden, Yu Xi under Jin-dynastiet, Yu Shinan under Sui-dynastiet og Tang-dynastiet, Wang Yangming (Wang Shouren), Zhu Shunshui og Huang Zongxi under Ming-dynastiet.

Kulturminne

endre

Den namnegjevande funnstaden for Hemudukulturen (Hemudu yizhi, 河姆渡遗址), heimstaden og gravstaden til Wang Shouren (Wang Shouren guju he mu, 王守仁故居和墓) og det gamle militære baseområdet i austlege Zhejiang i 1943 under den andre sino-japanske krigen (Zhedong Kang-Ri genjudi jiuzhi, 浙东抗日根据地旧址) i landsbyen Hengkantou (横坎头村) i storkommunen Liangnong (梁弄镇), er oppført på lista over kulturminne i Folkerepublikken Kina.

Kjelder

endre
  1. National Population Statistics Materials by County and City – 1999 Period, i China County & City Population 1999, Harvard China Historical GIS

Bakgrunnsstoff

endre