Ningbo (kinesisk skrift 宁波, pinyin Níngbō) er ein subprovinsiell storby på Ningshaosletta, nordaust i provinsen Zhejiang ved Kinas kyst mot Austkinahavet. Byprefekturet har eit areal på 9 670 km2, folketalet vart i 2010 berekna til 5,71 millionar. Innanfor bygrensene budde 2 218 000 menneske.

Utsyn over Ningbo.
Plasseringa av Ningbo i Zhejiang.

Ningbo omfattar seks distrikt, tre byfylke og to fylke.

Ningbo er ein viktig hamneby og eit stort handelssenter. Handel med utlandet tok til på 600-talet, og er framleis stor. I 2008 vart reisetida til Shanghai korta ned til to timar med den nybygde Hangzhoubuktbrua, til stor stimuland for Ningbos sterke økonomi. Wushashan kullkraftverk ligg i byprefekturet.

Historie endre

Ningbo er ein av Kinas eldste byar med ei historie som går tilbake til 4 800 f.Kr. då der fanst busettingar knytt til Hemudukulturen. Ningbo vart kjent som ei viktig handelshamn ved sidan av Yangzhou og Guangzhou under Tang-dynastiet, og var også ein viktig hamn under Song-dynastiet.

Ningbo var ein av dei første fem traktatshamnene som i 1842 vart opna for vestlege handelsfolk og andre gjennom Nanjingtraktaten. Under første opiumskrigen klarte britane å erobre den befesta indre by, etter den 10. oktober 1841 å ha storma festningsbyen Zhenhai ved munningen av elva Yong.

I 1864 heldt taipingane byen i seks månader. Under 2. verdskrigen bomba Japan i 1940 Ningbo med lopper smitta med pest.

Ningbo var lenge kjent for sin tradisjonsbaserte møbelproduksjon.

Samferdsle endre

Kinas riksveg 329 går gjennom området, frå Hangzhou via Shaoxing og Ningbo til Putuo i Zhoushan på Zhoushanøyane.

Kjelder endre

Notar endre