Zaporog-kosakkar skriv brev til den tyrkiske sultanen
«Zaporogkosakkar skriv brev til den tyrkiske sultanen» (russisk Запорожцы пишут письмо турецкому султану) er eit historiemåleri av den ukrainsk-russiske kunstnaren Ilja Repin, utført 1880–1891. Det vert teke vare på i Det russiske museet i Sankt Petersburg.
Måleriet skildrar korleis atamanen eller leiaren til dei ukrainske zaporogkosakkane, Ivan Serko, i 1676 skriv eit brev til den tyrkiske sultanen Mehmet IV, som svar på kravet om at kosakkane skulle underkasta seg Det osmanske riket. Originalbrevet finst ikkje lenger, men frå avskrifter veit ein at det var hånleg og særleg gjorde narr av den lange titulaturen til sultanen.
Kosakkane, som var dugelege ryttere og krigarar, er framstelt i tradisjonell klednad med ridestøvlar, kaftanar, papakhi (kosakkluer), lange bartar og khokhol-frisyre (oseledets).
Ei uferdig andreutgåve
endreAllereie medan han arbeidde på forbetringar på det originale måleriet, byrja Repin i 1889 på ein ny versjon. Andreutgåva var meint å vera meir historisk autentisk, men vart aldri heilt ferdig. Dette måleriet vert teke vare på på Kunstmuseet i Kharkiv, dit det kom frå det historiske museet i Kharkiv i 1935.
Brevet
endreDei verna avskriftene av brevet som dannar bakgrunn for motivet, kan naturlegvis avvika frå originalen, men ein versjon lyder i norsk (bokmålsk) omsetjing slik:
- Zaporogkosakkane til den tyrkiske sultan.
- Din tyrkiske Satan! Den forbannede Djevelens bror og kamerat, Lucifers sekretær! Hva slags helvetesridder er vel Du, som ikke en gang kan drepe et pinnsvin med Din nakne rumpe? Din hær sluker hva Djevelen spyr ut. Du er ikke verdt å ha kristne folk under Deg. Vi frykter ikke Din hær, og til lands og til sjøs skal vi slåss mot Deg. Knull Din mor! Du, Den babyloniske kjøkkengutt, makedonske tønnebinder, brygger fra Jerusalem, gjetergutt fra Alexandria, Store og Lille Egypts svinegjeter, armenske galte, tatarske sauebukk, skurk fra Podolia, Kamenats bøddel, verdens og underjordens dumrian, dertil en dåre framfor Gud, Djevelens avkom, sendraget i vår kuk, svinetryne, hesterumpe, rødhårede hund, udøpte skalle, knull Din mor!
- Slik svarer kosakkene Deg, Din usling. Du kommer ikke en gang til å få vokte kristne svin. Nå må vi avslutte. Vi vet ikke hvilken dato det er ettersom vi ikke har noen kalender. Månen er på himmelen, året i boken, og det er samme dag hos oss som hos dere. Derfor: kyss vår røv!
- Konsjevoj ataman Ivan Serko med hele sin zaporogske hær.
Utkast og detaljar
endre-
Skisse frå 1878
-
Skisse frå 1878
-
Skisse frå 1878
-
Skisse frå 1878
-
Skisse frå 1880 (56 × 31 cm)
-
Skisse frå 1884. (49 × 41,5 cm)
-
Skisse frå 1889. (68,5 × 82 cm)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Zaporogkosakker skriver brev til den tyrkiske sultan» frå Wikipedia på bokmål, den 26. januar 2018.
Litteratur
endre- Dick Harrison, 24 oktober 2011: Vad skriv egentligen kosackerna?, Historieblogg, Svenska Dagbladet, lese 24. oktober 2011.
- Peredvizjniki – banbrytare i ryskt måleri: Ilja Repin, Zaporogkosacker skriv brev till den turkiske sultanen, 1880-91, Nationalmuseum, lest 24. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- The Cossack Letter
- Friedman, Victor A. (1978), «The Zaporozhian Letter to the Turkish Sultan: Historical Commentary and Linguistic Analysis» (PDF), Slavica Hierosolymitana (Magnes Press) 2: 25–38. A detailed analysis of the letter and its different variants.
- Reply of the Zaporozhian Cossacks Arkivert 2007-07-08 ved Wayback Machine.. Outstanding Paintings. St. Peterburg, 1966. s. 271 (russisk)