Zichy Land

Zichy Land (Земля Зичи; Zemlya Zitsjy) er ei geografisk undergruppe av Frans Josefs land i Russland. Ho utgjer ei sentral gruppe store øyar, midt i øygruppa. Øyane ligg tett i tett med smale sund mellom som stort sett isdekte og dannar ei landfast klynge.

Zichy Land
øygruppe
Map of central Franz Josef Land-en.svg
Land Flag of Russia.svg Russland
Del av Frans Josefs land

Zichy Land
81° N 56° E
Wikimedia Commons: Zichy Land
Plasseringa til Zichy Land i Frans Josefs land.

Den vide kanalen vest for Zichy Land vert kalla Markhamkanalen (Пролив маркама, Proliv Markama) etter den britiske polfararen admiral sir Albert Hastings Markham.

Dei forskjellige øyane i Zemlja Zichy er (frå nord til sør):

Det nordlegaste punktet i Zichy Land er Mys Bema på Karl-Alexander-øya og det sørlegaste punktet er Mys Fiume på Champøya. Avstanden mellom desse er 114 km. Mys Armitidzj på Luigiøya er det vestlegaste punktet i gruppa.

Øyane har fått namn etter den ungarske grev Ödon Zichy (1811-1894), som i lag med grev Johann Nepomuk (Hans) Wilczek, finansierte den austerriksk-ungarske nordpolekspedisjonen til Frans Josefs land.

KjelderEndra


Koordinatar: 81°00′N 56°00′E