Aleksandr Zinovjev

(Omdirigert frå Zinovjev)

Aleksandr Aleksandrovitsj Zinovjev (29. oktober 192210. mai 2006) var ein internasjonalt kjend logikar, sosiolog og forfattar frå Russland.

Aleksandr Zinovjev
Fødd29. oktober 1922
Tsjukhlomskoj ujezd
Død10. mai 2006
Moskva
NasjonalitetSovjetunionen, Russland
Områdefilosofi, sosiologi, logikk, sosialfilosofi, politisk filosofi, etikk
Yrkefilosof, karikaturteiknar, sosiolog, universitetslærar, logikar, skribent, kommentator, satiriker, politikar
InstitusjonarStatsuniversitetet i Moskva
Moscow University for the Humanities
Statsuniversitetet i Moskva
Alma materfilosofisk fakultet ved Statsuniversitetet i Moskva
DoktorgradsrettleiarValentin Asmus
MedlemAccademia Nazionale dei Lincei
Bayerische Akademie der Schönen Künste
Det finske vitskapsakademiet
Signatur

Han var son av ein fattig russisk bonde og utmerkte seg som jagarpilot under den andre verdskrigen og seinare som forskar. Han vart professor og internasjonalt anerkjend innan feltet logikk. Etter dette ofra han frivillig samfunnsstatusen sin i 1970-åra med kritiske utsegner mot det politiske systemet i Sovjetunionen og vart til slutt send i eksil i 1978 for romane sine Gapende høyder (1977, omsett til norsk 1982) og Den lyse fremtid (1978, omsett til norsk 1980). Han heldt fram å utvikle ideane sine om samfunnet og la dei fram i forfattarskapen sin. Han skapte sin eigen originale sjanger, sosiologisk roman.

Han kom tilbake til Russland i 1999 etter 21 år i eksil, men var kontroversiell. Mellom anna støtta han Slobodan Milošević og såg på Josef Stalin som eit av dei største menneska i historia.[1]

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen bygger på «Aleksandr Zinovyev» frå Wikipedia på engelsk, den 29. september 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

endre