Opna hovudmenyen

Zjanna Pintusevitsj-Block

(Omdirigert frå Zjanna Pintusevitsj)

Zjanna Pintusevitsj-Block, fødd Zjanna Jurjeva Tarnopolskaja, (fødd 6. juli 1972) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Nizjyn i Ukraina som representerte Sovjetunionen til 1992 og seinare Ukraina. Ho vart verdsmeister på 200 meter i 1997 og på 100 meter i 2001.

Zjanna Pintusevitsj-Block
Zhanna Tarnopolskaya-Pintusevich.jpg
Fødd 6. juli 1972
Nizjyn
Yrke sprinter, friidrettsutøvar
Zjanna Pintusevitsj-Block på Commons

AktivEndra

Zjanna Tarnopolskaja vart dobbel junior-europameister 1991 på med sigrar på 100 m og 200 m. Den 6. juli 1994 sprang ho 100 meter på 10,99 sekundar under eit stemne i Linz og kom for fyrste gong under 11 sekundar på distansen. Ho stadfesta sitt internasjonale gjennombrot då ho vann sølvmedaljen både på 100 og 200 meter under europameisterskapen 1994 i Helsinki i august månad, einast russiske Irina Privalova sprang fortare.

Etter eit par svakare sesongar kom ho som Zjanna Pintusevitsj sterkt tilbake i 1997. Ho forbetra seg mykje på 200 meter og gjorde i byrjinga av juli månad unna sitt livs snøggaste løp på distansen i den spanske småbyen Monachil, der ho vart klokka inn på 22,17 sekundar. Knapt fire veker seinare sette ho personleg rekord med 10,85 då ho tok sølv på 100 m under friidretts-VM i Aten, slått med to hundredels sekund av Marion Jones frå USA. Fem dagar etter 100-metersfinalen tok Pintusevitsj gullet på 200 m, med tida 22,32 slo ho Susanthinka Jayasinghe frå Sri Lanka og Merlene Ottey frå Jamaica med høvesvis sju og åtte tidels sekund.

Også i 1998 presterte Pintusevitsj sterke tider på sprintdistansane. Men i den mest fabelaktige EM-finalen for kvinner på 100 meter måtte ho i Budapest nøye seg med ein fjerdeplass, trass i at ho fekk notert 10,92 i sluttid, franske Christine Arron sette europarekord med 10,73 sekundar og vann framom Irina Privalova og Ekaterini Thanou. Derimot sikra Pintusevitsj seg sølv på 200 m i EM, ei tevling som nemnde Privalova vann. Nett som i EM 1998, vart Pintusevitsj nummer fire på 100 meter under både VM 1999 og Sommar-OL 2000.

Med tida 10,82 sekundar, sitt livs snøggaste 100 meter, vann Pintysevitsj-Block VM-finalen i kanadiske Edmonton den 6. august 2001. To år seinare tok ho VM-sølv på same distansen under friidretts-VM i Paris, ein prestasjon som vart annullert åtte år etterpå.

DopingEndra

I 2011 vart Block dømd for å ha vore involvert i eit dopingprogram styrt av firmaet BALCO i USA. Alle hennar resultat frå 2002 og seinare vart då annullerte, mellom dei sølvmedaljen på 100 meter under VM i friidrett 2003. US-amerikanaren Mark Block, trenaren og sidan 1999 ektemaken hennar, vart frådømd retten til å ha noko med sport å gjere dei neste ti åra.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

  • VM 1993 i Stuttgart: Utslått i semifinalane på 100 m (11,36 =nr 13)
  • EM 1994 i Helsinki: Sølv på 100 m – 11,10 og 200 m – 22,77
  • VM 1995 i Göteborg: Nr 5 på 100 m – 11,07, utslått i forsøka på 200 m
  • OL 1996 i Atlanta: Nr 8 på 100 m – 11,14, utslått i kvartfinalane på 200 m
  • VM 1997 i Aten: Gull på 200 m – 22,32, sølv på 100 m – 10,85
  • EM 1998 i Budapest: Sølv på 200 m – 22,74, nr 4 på 100 m – 10,92
  • VM 1999 i Sevilla: Nr 4 på 100 m – 10,95, utslått i kvartfinalane på 200 m
  • OL 2000 i Sydney: Nr 4 på 100 m – 11,20, og nr 7 på 200 m – 22,66
  • VM 2001 i Edmonton: Gull på 100 m – 10,82, framom Ekaterini Thanou (10,91)
  • VM 2003 i Paris: Sølv på 100 m – 10,99 (annullert 2011)
  • OL 2004 i Aten: Utslått i semifinalane på 100 m (11,23 =nr 13) (annullert 2011)
  • VM 2005 i Helsinki: Utslått i semifinalane på 100 m (11,18 =nr 9) (annullert 2011)

KjelderEndra