Ålefamilien

fiskefamilie

Ålefamilien (Anguillidae) er ein liten beinfiskfamilie med særs einsarta medlemmar. Han omfattar ei slekt med 15 artar, som alle er katadrome (ferskvassfisk som gyter i saltvatn), slange-liknande fisk som enklast kan skiljast ved å telja ryggvirvlar.

Ålefamilien
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Overorden: Elopomorpha
Orden: Ålefisk Anguilliformes
Underorden: Anguilloidei
Familie: Ålefamilien Anguillidae
de Garsault, 1764

Dei fleste ålane heldt til i vassdrag nær vestkysten av Stillehavet, men det finst òg to artar i Atlanterhavet: Europeisk og amerikansk ål. Begge gyter i Sargassohavet.

Kjenneteikn

endre

Fisk i ålefamilien har avlange kroppar utan skjel eller med skjela djupt nede i huda. Dei har godt utvikla brystfinnar bak gjellene, men manglar bukfinnar heilt. Halefinnen, gattfinnen og ryggfinnen heng saman.

Ålane er svakt underbitte og har mange små, skarpe tenner.

Kjelder

endre
  • Vøllestad, Leif Asbjørn: «Ålefisker» i Norges dyr - Fiskene 1, Cappelen 1992
  • FishBase

Bakgrunnsstoff

endre