Årdal stavkyrkje

tidl. stavkyrkje i Årdal

Årdal stavkyrkje var ei stavkyrkje i Årdal i Sogn, som vart riven i 1867. Ein portal og ein baldakin frå kyrkja er bevart på Bergen museum.

Portal frå Årdal stavkyrkje

Historie endre

 
 
Plasseringa til gamle Årdal stavkyrkje

Stavkyrkja vart truleg bygd i siste halvpart av 1100-talet. Anders Bugge daterer ho til 1150-70.[1] Denne dateringa er bygd på stildrag ved portalen i kyrkja og på runeinnskrifter funne i kyrkja.[2] Grunna ein figur av den heilage Botolv på ein antemensale frå kyrkja, som er bevart i Bergen museum, er det mogleg at kyrkja var vigd til den heilage Botolv.

Første skriftlege kjelde som viser til ei kyrkje i Årdal er frå 1323, då ein sira Dagfinn i Årdal er nemnt.[3]

Kyrkja vart utvida mot vest allereie i mellomalderen med eit kvadratisk tilbygg av same breidd som kyrkja. På dette tilbygget stod stopulen. [2]

Stavkyrkja vart riven i mai og juni 1867. Under golvet vart det funne myntar frå perioden 1205 til 1263.[2]

Utsjånad endre

 
Grunnriss av Årdal stavkyrkje

I ein rapport frå 1722 står det at kyrkja er ein stavbygning med svalgangar omkring, tårn frå grunnen, bordkledd, måla innvendig og i godt hald.[2] Kyrkja var treskipa med 16 søyler i skipet, seks på kvar langside og to mellom hjørnesøylene på kvar smalside. Koret var òg treskipa og kvilte på fire hjørnesøyler. Koret var, som vanleg, lågare og smalare enn skipet og firkanta avslutta.[2]

Over altaret hadde kyrkja ein baldakin i form av ein tønnekvelv av bord med måleri på krittgrunn frå seinmellomalderen. Dei framstilte i midten den tronande Kristus og i hjørna dei fire evangelistsymbola: Til venstre Maria med barnet og erkeengelen Mikael, til høgre Kristus på krossen med Peter, Paulus, Johannes og Jakob. Baldakinen hamna etter rivinga i Bergen museum. Det same gjorde portalen til kyrkja. Kunsthistorikaren Lorentz Dietrichson skildra denne som "det fineste og eleganteste eksemplar af den sogn-valdresske ornamenttypes treskjæringer", og skreiv at han likna portalane i Høre stavkyrkje og Lomen stavkyrkje i Valdres. Då kyrkja vart riven, var svalgangane heilt borte.[2]

Den samla lengda til kyrkja var 67 fot (21 meter). Skipet var 27 fot langt gonger 22 1/2 fot breitt (8 m x 7 m), tilbygget i vest 22 1/2 fot gonger 22 1/2 fot (7 m x 7 m) og koret 15 1/2 fot gonger 15 1/2 fot (5 m x 5 m). Høgda i skipet var 32 1/2 fot (10 meter).[2]

Innskrifter endre

Den same presten Dagfinn som vart nemnt i 1323, vart truleg gravlagd ved kyrkja, og er nemnt på ein gravstein som vart funnen under eit trinn med innskrifta: "Her huilir Daghfin e... er her song. hans ártid e á Botolfsuoku ... bid pat. nost f. hns. sal." ("Her kviler Dagfinn som song (messe) her. Årtida hans er på botolfsvaka... Bed fadervår for sjela hans.")[2]

Då kyrkja vart riven, vart det òg funne tre runeinnskrifter. Den eine innskrifta finst på ein om lag 40 cm lang trepinne, om lag 2 cm i diameter. Innskrifta er på versemål, og kan lesast, med normalisert norrøn stavemåte:

Liggr í palli
lifir heimsklega
hinn er beð undir sér
bleytir stundum
Þar munu maðkar
margir gaufa
sem á dúni søfr
dóttir Atla.[4]

Ord for ord kan dette omsetjast:

Ligg i pallen (benken)
lever tåpeleg
den som leiet under seg
bløyter stundom.
Der vil makkar
mange myldra,
kor på dun søv
dotter til Atle.

Den nøyaktige meininga til dette verset er uviss, men det er tolka i erotisk lei, og som ei nidvise.[4]

Den andre innskrifta var på ein mindre trepinne, 9 cm lang, og er lesen: Guðríðr. In nomine patris et fili et spiritus sancti. Amen. Dominus Jesus Cristus. Amen.[4]

Den tredje innskrifta stod på ein av stolpane i stavkyrkja. Ho er lesen: Guð hjalpi Þér trautto.[4] Dei tre første orda tyder "Gud hjelpe deg", det siste ordet er ikkje sikkert tyda. Trautt på Islandsk tyder "neppe", (gud hjelper deg neppe).

Fotnotar endre

  1. Anders Bugge, Våre stavkirker (1953), s. 24
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 250-253
  3. "sira Dagfinner i Aardale". Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 251. Originalkjelde i Diplomatarium Norvegicum VII, 98
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Magnus Olsen, Norges innskrifter med de yngre runer (Oslo, 1957), s. 126-136

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre