Elva Åsta

(Omdirigert frå Åsta (elv))
Åsta. Bildet er tatt ved Bringebu nord i Hamar kommune.
Foto: Torstein Frogner

Åsta er ei elv som renn frå Øyerfjellet i Øyer kommune i Oppland i Innlandet fylke, og munnar ut i Glomma rundt 20 kilometer nord for Elverum. Elva renn gjennom kommunane Øyer, Ringsaker, Hamar, og Åmot. Fjellområdet har vore rikt på seterliv, og i dag er aktiviteten dominert av sommerbeiting, hytter og fiske. Store delar av Hedemarksvidda omkransar elva, og mange kjenner dette best ut frå Birkebeinarane. Løypetrasseen til mellom anna Birkebeinerrennet passerer Åsta ved Kvarstadseterdammen.

Elva er over fire mil lang og er verna med omsyn til Verneplan I for vassdrag.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Elva Åsta
  Denne geografiartikkelen som har med Hedmark og Oppland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.