Énos
Énos (gresk Όρος Αίνος) eller Aenos er det høgaste fjellet på Kefaloniá i Hellas med ei høgd på 1 628 moh.
Énos Όρος Αίνος | |||
fjell | |||
Énos sett frå Lixoúri
| |||
Land | Hellas | ||
---|---|---|---|
Område | Kefaloniá | ||
Høgd | 1 628 moh. | ||
Koordinatar | 38°06′58″N 20°39′58″E / 38.116°N 20.666°E | ||
Énos 38°07′00″N 20°40′00″E / 38.116666666667°N 20.666666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Mount Ainos |
Det meste av fjellkjeda er eit parkområde. Furuskog ligg på ei høgd mellom 700 til 1 200 meter. På ei høgd opp til om lag 300 meter ligg det strender og jordbruksområde frå Argostóli til Póros. Frå 300 til 500 meter finn ein oliven og laurbærtre. Over 1 200 meter er fjellet stort sett bert, steinete og barskt. Fjellkjeda dekkjer om lag 3/4 av øya frå Póros til Ássos.
Frå fjella kan ein sjå det nordvestlege Peloponnes og Etolía i tillegg til dei joniske øyane Zákynthos, Levkáda og Itháki.
Det bur mellom tre og fire tusen innbyggjarar i fjellsidene på Énos, og på 1970-talet vart det bygd eit fjernsynstårn på fjelltoppen, og fleire tårn tidleg på 1990-talet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mount Ainos» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2007.