Zákynthos (gresk Ζάκυνθος, italiensk Zante) er den tredje største øya i Dei joniske øyane i Hellas med eit areal på 410 km² og ei kystlengd på 123 km. Zákynthos var tidlegare eit prefektur, men er frå 2011 ei periferieining i periferien Dei joniske øyane. Zákynthos er den einaste kommunen i periferieininga.[2] Til kommunen høyrer òg den vesle øygruppa Strofádes i sør.

Zákynthos
Lokalt namn Ζάκυνθος
Hamna på Zákynthos
Hamna på Zákynthos
Geografi
Stad Det joniske havet
Koordinatar 37°48′N 20°45′E / 37.800°N 20.750°E / 37.800; 20.750
Øygruppe Dei joniske øyane

Areal 410 km²

Høgaste punkt Vrakhiónas (758 moh.)

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei joniske øyane
Zákynthos
Største busetnad Zákynthos by (9 772 innb.)

Demografi
Folketal 40 759 (2011[1])
Folketettleik 100,5 /km²

Øya er kalla opp etter Zakynthos, son til ein legendarisk høvding kalla Dardanos. Namnet, som liknande namn som endar på -nthos, har førmykensk eller pelasgisk opphav. Zákynthos har ein blømande turistindustri og er eit av dei store turistmåla i Hellas.

Zákynthos har eit variert terreng med frodige sletter i søraust og fjelllendt terreng med bratte klipper langs kysten i vest. Det milde middelhavsklimaet og nok regn om vinteren har gjeve øya ein tett vegetasjon. Av jordbruksprodukt som vert dyrka her finn ein oliven, korintar, druer og sitrusfrukter.

Satellittbilete av Zákynthos

Den mest kjende personen frå Zákynthos er diktaren Dionysios Solomos, ein av dei store diktarane i moderne gresk historie som skreiv nasjonalsongen til Hellas på 1800-talet.

I sørvest ligg den nasjonale marine parken på Zákynthos der ein kan finne havskjelpadder. Kvart år i juni kjem hoene til dei sørlege strendene for å legge egg i sanden.

Hamna på Zákynthos har ferjesamband til Kyllíni på fastlandet. Ei anna båtrute går frå landsbyen Skinári til Argostóli på øya Kefaloniá.

Historie endre

 
Navájobukta med eit skipsvrak

Zákynthos har vore busett sidan steinalderen.

Den kjende antikke greske diktaren og forfattaren Homer var den første til å nemne øya i meisterverka sine Iliaden og Odysseen, og fortalde at dei første innbyggjarane på ho var sonen til Kong Dardanos av Troja, som heitte Zakynthos, og mennene hans, og at dei først kom til øy omkring år 1500-1600 fvt. Øya vart så erobra av kong Arkeisios av Kefaloniá. Den kjende Odyssevs frå Ithaka var den neste kongen til å erobre øya. Seinare vart det signert ein avtale som gjorde Zákynthos til eit sjølvstendig demokrati, det første som vart oppretta i den hellnistiske perioden, og som varte i meir enn 650 år.

Zákynthos var i lag med resten av Dei joniske øyane i fleire hundre år styrt av Venezia og andre italienske fyrstedøme. Italienarane verna øya mot osmansk okkupasjon, og oppretta i staden eit føydalt oligarki. Øya vart kraftig påverka av italiensk kultur og språk. Dei rike innbyggjarane på øya pla å sende sønene sine til Italia for å utdannast.

Under napoleonskrigane vart øya okkupert i forskjellige periodar av Frankrike, Russland, Det osmanske riket og til slutt Storbritannia, som styrte øya fram til 1864 då ho vart avstått til Hellas.

Det store jordskjelvet i 1953 endre

Zákynthos vart råka av fire store jordskjelv i august 1953, som førte til store øydeleggingar. Det tredje og største skjelvet målte 7,3 på Richterskalaen og skjedde 12. august kl. 11:24 lokal tid. Episenteret låg like under sørenden av naboøya Kefaloniá og førte til store øydeleggingar her òg. Berre fire bygningar stod att på Zákynthos: kyrkja Ájos Dionysios, nasjonalbanken, skulen og kyrkja Ájos Nikólaos.

Administrativ inndeling endre

Før den administrative reforma i hadde Zákynthos seks kommunar, men frå 2011 er heile øya ein kommune, den einaste i periferieininga Zákynthos. Dei tidlegare kommunane er er no kommunaleiningar.[2]

Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Postnummer Retningsnr.
Zákynthos Zákynthos Zákynthos by 291 00 26950
Laganás
Artimisía
Elátia
Alykés
Arkádii

Byar og tettstader endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[1]
Zákynthos by Zákynthos by 9 772
Gaitáni Zákynthos by 1 889
Mouzáki Laganás 1 702
Ambelókipi Zákynthos by 1 606
Katastári Alykés 1 378
Lithakiá Laganás 1 307
Vanáto Arkádii 1 045
Makherádo Artimisía 941
Pandokrátor Laganás 925
Kalamáki Laganás 890
Bokháli Zákynthos by 876
Plános Arkádii 742
Ájos Kýrikos Arkádii 733
Laganás Laganás 729
Kalipádo Arkádii 709
Skoulikádo Alykés 653
Argási Zákynthos by 639
Kallitéro Zákynthos by 627
Tragáki Arkádii 622
Sarakinádo Arkádii 619
Romíri Artimisía 605
Kypséli Arkádii 532
Ájos Dimítrios Alykés 531
Alónia Alykés 526

Andre busetnader på øya er:

  • Lagópodo (483)
  • Kerí (469)
  • Alikanás (441)
  • Pigadákia (431)
  • Volímes (406)
  • Ájos Leóndas (393)
  • Lilioménos (391)
  • Langadákia (357)
  • Káto Jerakári (347)
  • Áji Pándes (339)
  • Kalpáki (324)
  • Agalás (323)
  • Voujáto (306)
  • Margaréika (303)




Småøyar i kommunen:

  • Strofádes (1)
  • Ájos Ioánnis (0)
  • Ájos Andréas (0)
  • Kalonísi (0)

Kjelder endre

Referansar

Bakgrunnsstoff endre