Östbergs Fabriks AB

Östbergs Fabriks AB i Alfta i Sverige, tidlegare Östbergs Smidesfabrik Alfta (ÖSA) var ein svensk produsent av skogsmaskiner som var ein viktig aktør i mekaniseringa av skogbruket. ÖSA var i fleire tiår det leiande føretaket i Norden innan skogbruksmekanisering.

ÖSA 250 lastetraktor.

Starten endre

Føretaket har røter tilbake til slutten av 1800-talet, til smia til Erik Person Östberg, som låg i Hymmersbacken, litt utanom Alfta i Gävleborgs län i Sverige. Son hans, Jonas Östberg, tok utdanning som hovsmed ved Kungliga Veterinärhögskolan og tok etter kvart over smia[1]. Alfta ligg i eit skogbruksdistrikt og fram til andre verdskrig produserte Östbergsmia utstyr for skogbruket, som hestesko, styttingar, og anna utstyr som folk i området hadde bruk for. På 1940-talet vart produksjonen utvida til vogner for hestar og personbiltilhengarar.

Det som hadde starta som ei bygdesmie vart etter kvart til ein fabrikk, som vart utvida fleire gong: 1950, 1953. På 1950-talet produserte ÖSA mange ulike tømmerhengarar for traktor, både med hjul, belte og meiar. I 1959 tok sønene til Jonars, Martin og Gunnar, over og endra namnet til Östbergs Smidesfabrik Alfta (ÖSA).

Alfta-belta endre

I 1952 tok ÖSA til å produsera halvbelte og utover 1950-talet vart ÖSA ein stor produsent av belte, som vart kalla «Alfta-banden». Desse vart monterte både på landbrukstraktorar og seinare på spesialbygde skogsmaskiner. Mange ulike traktorar vart utstyrte med halvbelte, med det var traktorane til Bolinder-Munktell og Volvo som dominerte. BM Volvo Boxer 350, som kom på marknaden i 1959, hadde ti gir framover og to i revers og vart ein populær skogstraktor. Med ÖSA halvbelte, tømmerkran og tilhengar vart han kalla «Skogsboxer» Forutan i skogbruket viste halvbelta seg til stor nytte på traktorgravarar, som fekk redusert marktrykk og kunne nyttast til grøfting på myr. Belta vart òg testa ut på skurtreskarane til Bolinder-Munktell[1].

Heilbeltetraktorar endre

 
BM 230 Bamse.

På midten av 1950-talet tok ÖSA til å eksperimentera med heilbelte; mange ulike traktorar vart testa og delvis ombygde[1]. Føretaket samarbeidde både med ulike forskingsinstitutt og produsentar og importørar av traktorar. Bolinder Munktell i Eskilstuna vart etter kvart den viktigaste samarbeidspartnaren og i 1957 presenterte dei ein heilbeltetraktor, Bamse, som var bygd på Bolinder Munktell sin landbrukstraktor BM 230 Victor på 22 kW (30 hk). Bamse tok seg svært godt fram i terrenget og utstyrt med tømmerkran og hengar var han eit effektivt reiskap for å henta ut tømmer i djup snø[1]. Han var òg nytta med snøplog for å køyre opp nye vegar i skogen. Denne maskina var eit viktig framsteg i mekaniseringa av skogbruket.

Vinsjar endre

For å driva krana og for å henta virke som ein ikkje fekk tak i med krana vart det nytta frontmonterte vinsjar. Opphavleg var det nytta Sepson vinsjar, men tidleg på 1960-talet tok dei til med å produsera sine eigne vinsjar. I 1959 byrja ÖSA å nytta radiostyrte vinsjar, noko som vakte stor oppsikt i samtida

Nalle endre

I 1964 marknadsførte ÖSA Nalle SM 360, som var bygd på BM Volvo 350 Boxer. Nalle var ei vidareutvikling av Bamse, men han hadde rammestyring og 3/4-belte og i staden for vinsjdriven tømmerkran hadde han hydraulisk tømmerkran[2]. Dei fyrste eksperimenta med rammestyring hadde teke til på 1950-talet, i samband med at dei utvikla dumparar (som dei berre laga nokre få av). Det vart òg utvikla ein mindre lastetraktor med 3/4-belte, basert på BM Volvo 400 Buster, som fekk typebetegnelsen SM 460. Dei to Nallane vert òg kalla «Stornalle» og «Lillnalle». Då Nikita Khrusjtsjov vitja Sverige fekk han sjå «Stornalle» og bestilte ei maskin, med reservedelar[1]. ÖSA hadde i mange år hatt problem med akselbrot når dei utstyrte landbrukstraktorar med belte. For å bøta på dette var «Lillnalle» utstyrt med navredusksjonsgir. Ein oppdatert versjon av «Stornalle», SM 661, vart òg utstyrt med navredusksjon.

Moderne lastetraktorar endre

 
ÖSA lastetraktor.
 
ÖSA 250.

I 1968 kom SM 668 på marknaden. Han var rammestyrt som Nalle, men i staden for belte var han utstyrt med sekshjulsdrift, ein aksel på trekkdelen og to akslar på lastedelen og tømmerkrana var plassert attom førarhuset. Denne maskina vart utvikla i samarbeid med BM Volvo i Eskilstuna og hadde same motor som i SM 661 «Stornalle»[1][2]. I 1969 vart SM 686 moderniser og fekk ein større motor. Typenemninga vart då SM 868. Fram til 1974 vart det produsert 1794 SM 661. Det vart òg utvikla ein mindre firehjulsdriven versjon, SM 462, med berre ein aksel på lassdelen. På midten av 1970-talet tok samarbeidet med Volvo slutt og ÖSA utvikla maskiner på eiga hand, med motorar frå Scania. I 1976 kom ÖSA 260, som hadde boggi på lassdelen. I 1980 kom ÖSA 250. Den siste vart levert i tre versjonar: 1) to akslingar og firehjulsdrift, 2) ein aksling på framdelen og boggi på lastdelen og 3) boggi både på framdelen og på lassdelen.

Fellarar og heiltrelunning endre

 
ÖSA 260, utstyrt med stammeklype, i Austtyskland.

I 1966 kom ÖSA på marknaden med eit fellaggregat, som klipte av trestammane med ei kraftig hydraulisk saks. Desse aggregata vart montert på tømmerkrana og ukvista tømmer vart lagt i kraftige klyper på den bakre delen av ein rammestyrt maskin. Virket vart så køyrt fram til ein lunningsplass, der det vart kvista og kappa. I 1973 kom ÖSA 670, som var spesialbygd for felling. Maskina var rammestyrt, men den hydrauliske bommen og førarhuset var plassert den bakre delen og svinga saman med denne[1].

Fellarkvistarar endre

I 1970 vart den fyrste fellarkvistar-maskina, ÖSA 710, levert. Det var ei rammestyrt maskin, med tømmerkran og kvisteaggregat plassert på bakdelen. Det måtte to mann til for å køyra maskina: føraren sat i førarhuset på framdelen og den andre, som stod for felling og kvisting, sat i eit eige førarhus på den bakre delen. Seinare vart det utvikla nye kvisteaggregat, som ÖSA 705 og 706, og maskinene vart einmannsopererte[1].

Andre nyvinningar endre

Andre maskiner som ÖSA utvikla var stubbryddemaskiner og plantemaskiner. I 1970 innførte ÖSA hydrostatisk drift på maskinene sine. Den trinnlause reguleringa av farten synte seg å vera til stor nytte i terrenget[1].

Slutten endre

I 1979 kjøpte det finske føretaket Rauma-Repola 50 % av aksjane i ÖSA og i 1981 kjøpte dei resten og ÖSA vart eit dotterselskap under Rauma-Repola. I 1983 kjøpte Rauma-Repola konkurrenten Bruun Systems AB i Filipstad og i 1984 kjøpte dei skogsmaskinavdelinga til Kockums i Söderhamn. Kockum hadde tidlegare teke over dei svenske skogsmaskinprodusentane SMV i Stensele og Logma. Etter dette dominerte Rauma-Repola og Valmet produksjonen av skogsmaskiner i Norden[3].

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 Östberg, M., En smedjas förvandling - ÖSAs historia, FMG ÖSA AB, 1990.
  2. 2,0 2,1 Hedell, O., Från Munktells till Valtra - en 75-årig traktorepok, LRF Media, 2000.
  3. Konttinen, H. og Drushka, K., Skogsmaskinernas historia, Timberjack Group, 1997.