Vassplante

(Omdirigert frå Vassplanter)

Vassplantar er plantar som er tilpassa til å veksa i vatn. Dette krev fleire særskilde tilpassingar, og fører til at få vassplantar kan veksa utanfor vatn eller permanent fuktige omgjevnadar. Karplantar som veks i vatn kan omfatta både karsporeplantar og dekkfrøingar.

Kvit nykkerose, smal vasspest og blanktjønnaks i Tyskland.

Tang og tare er ikkje karplantar, men fleircella makroalgar; noko som gjer at me oftast ikkje reknar dei med i kategorien.

Til skilnad frå landplantar har vassplantar få problem med å ta opp vatn, noko som naturleg nok kjem av vassmengdene i miljøet deira. Dette tyder at plantane har mindre behov til å regulera vassopptaket sitt - dette ville kosta meir energi enn det dei ville tena på det.

Fysiologiske tilpassingar endre

  • Kutikula manglar eller er særs tynn. Dette vokslaget er noko dei fleste høgare plantar har utanpå blada sine for å hindra væsketap, eit problem vassplantar ikkje har.
  • Stomata (gassvekslingsporane) er opne mesteparten av tida og finst i store mengder, ofte på begge sider av blada.
  • Stenglane er fleksible, sidan dei ofte vert heldt oppe av vatnet. Stive stenglar og stammar hadde faktisk vore ei ulempe, sidan dei hadde auka sjansen for at planten skulle brekka.
  • Røtene er mindre, tilbakedanna eller omdanna til oksygenopptak; sidan vatn enkelt diffunderer inn i blada uansett.
  • Mange vassplantar har dessutan flyteblad, luftblærer eller liknande for å halda seg oppe i overflata der det er lys nok til å gjera fotosyntese mogleg.

Vekstformer i ferskvatn endre

Plantar som veks i ferskvatn finst i ei rekkje vekstformer. Denne oversikta tek for seg korleis dei høgare plantane i ein innsjø veks, rangert frå heilt grunt vatn og utover mot djupare delar av vatnet. Algar og moser vert ikkje rekna med.

 
Kvit nykkerose Nymphaea alba er ein flytebladsplante.

Helofyttar eller sumpplantar veks inst i strandsona. Dette er plantar som har rota si i blaut jord eller i botnen på grunt vatn, men som har stengel med blad og blomar/sporar over vassflata. Døme på dette kan vera takrøyr, sumpmaure, sløkje og mjødurt. Mange helofyttar veks òg andre stadar enn berre i samband med sjøar, t.d. kan ein finna dei på myrer eller på fuktig skogbotn.

Isoetidar eller kortskotsplantar veks på botnen av ein sjø og har sjeldan noko særleg til stengel. Blada veks ofte i rosettar. Eit norsk døme på dette er botnegras Lobelia dortmanna.

Elodeidar eller langskotsplantar har lange stenglar under vatn, men manglar flyteblad. Somme av dei flyt fritt, andre har rotfeste i botn. Vanlege artar innanfor denne kategorien er vasspest, elvesnelle, sjøsivaks og flaskestorr.

Nymfeidar eller flytebladsplantar veks med rota si på botnen av innsjøen, og har flytande blad på overflata. I Noreg er gul og kvit nykkerose dei mest kjende, men tjønnaks-artane er òg vanlege.

Lemnidar er plantar som flyt fritt i vasskorpa utan å ha kontakt med botnen. Desse er oftast ganske små, og finst helst i næringsrike vatn. Døme på dette er andematslekta.

Bruk endre

 
Javabregne, Microsorium pteropus, ei vanleg akvarieplante

Mange vassplantar vert brukt eller har vorte brukt som ei kjelde til mat for menneske og husdyr. Eit mykje brukt døme er ris, som rett nok opphavleg ikkje voks i vatn. Plantar som vasskastanjar, taro og til ein viss grad vasspest er òg etande, og vert mykje brukt som mat.

I akvarium vert vassplantar brukt både til pynt og til å produsera oksygen. Eit godt beplanta akvarium treng mindre stell enn eit med få plantar.

Kjelder endre

  • Paus, Aage: Feltkompendium i botanikk - Økologisk og morfologisk del Universitetet i Bergen, 2007
  • Riehl, Rüdiger & Baensch, Hans A.: Akvariets lexicon, Mergus 1997
  • Engelsk wikipedia

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Vassplante