Helen Bjørnøy
Helen Oddveig Bjørnøy (fødd 18. februar 1954 på Kongsberg) er ein norsk prest, SV-politikar og fylkesmann i Buskerud frå 2013.
Helen Bjørnøy | |
![]() | |
Fødd | 18. februar 1954 (69 år) Ålesund, Kongsberg |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Sosialistisk Venstreparti |
Yrke | politikar, prest |
Utdanna ved | Menighetsfakultetet |
Ektefelle | Torstein Lalim |
Bjørnøy har Examen artium frå Ålesund gymnas (1973), cand.theol. frå Menighetsfakultetet (1980) og vart ordinert som prest i Den norske kyrkja i 1981. Ho var kapellan ved Tromsø domkirke (1985–1987) og prest ved Tangen kyrkje i Drammen) (1987–1991). Ho var høgskulelektor ved Lovisenberg diakonale høgskule (1991–1999) og generalsekretær for Kirkens Bymisjon i Oslo (1999–2005). Ho var i 2004 kandidat til stillinga som biskop i Oslo bispedøme. Ho var nestleiar for Nei til EU i 1994, og har vore medlem av Pressens faglige utvalg. Frå 1. juni 2008 var ho generalsekretær for Plan Norge.
Ho er gift med presten Torstein Lalim, har fire ungar og er busett i Drammen.
MiljøvernministerEndra
I 2005 vart Bjørnøy utnemnd til miljøvernminister for SV i Regjeringa Stoltenberg II, ei stilling ho hadde fram til oktober 2007, då ho vart etterfølgd av Erik Solheim. Som miljøvernminister fekk ho kritikk frå mange.[treng kjelde]
BibliografiEndra
- Konfirmasjonstiden, Aschehoug (1994), to medforfattarar
- Lederveiledning til konfirmasjonsboken "Ærlig talt", Aschehoug (1994)
- Sosialfag, service og etikk, Universitetsforlaget (1995). Lærebok til bruk i videregående skole
- «Yrkesetikk og seksuelle overgrep», i Yrkesetikk for prester (red.: Egil Morland), i serien Presteforeningens studiebibliotek, nr. 42
- «Til en aktet redaktørstand», i boka Status redaktør. Norsk redaktørforening (1996)
- «Den norske kirkes menneskerettighetsengasjement», i utgreiinga Religion, livssyn og menneskerettigheter, Universitetsforlaget (1997)