Øistein Saksvik

(Omdirigert frå Øystein Saksvik)

Øistein Saksvik (7. januar 192510. november 1998) var ein norsk friidrettsutøvar og skirennar frå Ranheim i dåverande Strinda kommune. I friidrett vann han i tidsrommet 1950-60 til saman 20 NM-titlar, fordelt på fem på 5000 m, fire på 10 000 m, seks i skogsløp og fem i terrengløp. Han sette i alt 11 norske rekordar i baneløp. Som langrennar var han med å vinne 3 x 10 km stafett under Ski-NM 1953. Saksvik var medlem av Ranheim Idrettslag. Av mannlege friidrettsutøvarar er det einast Knut Hjeltnes som kan måle seg med han i talet på NM-titlar.

Øistein Saksvik
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. januar 1925
Død

10. november 1998 (73 år)

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1952

Friidrett endre

Saksvik tok steget opp i noregstoppen på 5000 m i 1949 og sette personbeste med 14.49,4 då han vart nummer to i NM etter Martin Stokken. Året etter tok Saksvik sitt fyrste NM-gull på distansen på Krohnsminde i Bergen. I 1951-sesongen forbetra han seg kraftig tidsmessig, med tida 14.29,2 vann han eit stemne i svenske Eskilstuna. Han byrja også å satse meir på 10 000 m, og persa med 31.02,4 heime på Ranheim stadion.

Framgangen heldt fram i OL-sesongen 1952. I juli månad deltok han på 5000 m i Sommar-OL i Helsinki, men gjorde eit svakt løp i kvalifiseringa. Langt sterkare viste han seg ei veke seinare då han vart norsk rekordhaldar på 3000 m etter 8.22,4 på Bislett stadion i Oslo. Siste helga i august imponerte han med nye personlege rekordar då han vann både 5000 m og 10 000 m under landskampen mot Danmark i København. Milløpet gjekk unna på 29.48,4, norsk rekord og hans fyrste under 30 minuttar. Den personlege rekorden på 5000 m stod i berre to veker, midt i september sette han norsk rekord med 14.19,6 då han vart nummer to på distansen under landskampen Noreg-Finland.

Saksvik forbetra noregsrekorden på 5000 m til 14.19,2 då han i juli 1954 vann eit internasjonalt stemne på Bislett stadion. Tre veker seinare vart han i Sarpsborg norsk meister på 10 000 m med tida 29.50,6, hans andre milløp under halvtimen på mindre enn fjorten dagar. Under europameisterskapen i Bern i slutten av august enda han på sjuandeplassen både på 5000 m og 10 000 m, med tidene 14.32,2 og 30.04,4.

Gjennom 1955-sesongen presterte Saksvik fem løp under den gamle persen på 5000 m. Den 4. juni slo han den norske 5000-meterrekorden til Martin Stokken då han fekk notert 14.16,6 i Helsinki. Under NM på Bislett stadion midt i august mista han rekorden til Ernst Larsen som vann spurtoppgjeret mellom dei to. Den 5. september tok så Saksvik den norske rekorden tilbake då han kom i mål til tredjeplass på 14.12,2 under dei såkalla septemberleikane på Bislett stadion. Han var opplagt i sitt livs beste form, noko han også hadde prova då han 25. august sette sin femte strake noregsrekord på 3000 m på tida 8.10,8. Rekordrushet vart avslutta 20. september, då vann han 10 000 m i landskampen mellom Aust-Tyskland og Noreg i Frankfurt an der Oder på tida 29.43,2.

Saksvik deltok i 27 landskampar. Dei personlege rekordane han sette i august-september 1955 vart hans endelege personbeste.

Medaljar i norske hovudmeisterskap endre

  • 1949: Sølvmedalje på 5000 m – 14.49,4, bak Martin Stokken (14.34,6)
  • 1950: Gullmedalje på 5000 m – 14.53,0, framom Ernst Larsen (14.57,0)
  • 1951: Sølvmedalje på 5000 m – 14.42,4, bak Martin Stokken (14.37,6)
  • 1952: Gullmedalje på 5000 m – 14.32,0, framom Gunnar Pedersen (14.54,0)
  • 1953: Gullmedaljar på 5000 m – 15.17,4 og 10 000 m – 30.33,2
  • 1954: Gullmedaljar på 5000 m – 14.24,2 og 10 000 m – 29.50,6
  • 1955: Sølvmedalje på 5000 m – 14.14,8, bak Ernst Larsen (14.14,0)
  • 1956: Gullmedalje på 10 000 m – 30.10,6, framom Jakob Kjersem (30.13,8)
  • 1957: Gullmedaljar på 5000 m – 14.35,0 og 10 000 m – 29.54,4
  • 1958: Sølvmedalje på 10 000 m – 30.04,2, bak Ernst Larsen (30.04,0)

Langrenn endre

Saksvik gjekk ein av etappane for Sør-Trøndelag sitt vinnarlag i 3 x 10 km stafett under Ski-NM 1953, den siste NM-stafetten før ein gjekk over til ei tevling mellom idrettslag. Same sesongen vart han femtemann på 17-killometeren under noregsmeisteskapen heime i Trondheim.

Kjelder endre

  • Magnus Breili: Sport i navn & tall. 1971
  • friidrett.no