Øystein Wiik

norsk songar og skodespelar

Øystein Wiik (fødd 7. juli 1956 i Ås) er ein norsk songar, skodespelar og kriminalforfattar. Han er utdanna ved Statens teaterhøgskole.

Øystein Wiik
Fødd 7. juli 1956 (64 år)
Ås
Yrke skodespelar, songar
Ektefelle Inger Margrethe Schjoldager

Han var tilsett ved Det Norske Teatret frå 1980. I 1988 gjorde han stor suksess som Jean Valjean i oppsetjinga av Victor Hugos Les Misérables, og dette førte til at han fekk spele same rolle på scener i Wien og London i 1989-1990.

To gonger har han delteke i norsk Melodi Grand Prix, ein gong saman med Jahn Teigen (under namnet «To tenorer»). I 1991 utgav han soloalbumet Too Many Mornings. Songs By Sondheim, og i 1993 kom albumet Stage.

Dei seinare åra har han skrive tekstar til musikalar, i samarbeid med komponisten Gisle Kverndokk og dramaturgen Inger Schjoldager. Dei har blant anna skrive ein musikal basert på Sofies verden av Jostein Gaarder, og dessutan Frendelaus, ei familieførestilling basert på den mest kjende romanen til Hector Malot.

Parhestane Wiik/Kverndokk har òg skrive operaen Jorden rundt på 80 dager. Operaen skulle vore den første førestillinga i det nye operabygget i Bjørvika, men vart av tekniske grunnar utsett. Han vart uroppført 21. mai 2010. Same året debuterte Wiik som kriminalforfattar med romanen Dødelig applaus som han vart nominert til Rivertonprisen for. Han har sidan skrive tre kriminalromanar til.

DiskografiEndra

BibliografiEndra

  • Dødelig applaus – Kriminalroman (2010)
  • Slakteren – Kriminalroman (2011)
  • Hvit panter – Kriminalroman (2012)
  • Casanovasyndromet – Kriminalroman (2013)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra