Šolta er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia. Ho ligg vest for Brač (på andre sida av Splitsundet), sør for Split og aust for Drvenik[1]. Ho har eit areal på 58,98 km², og eit folketal på 1 479 (2001).[2] Den høgaste toppen på Šolta er Vela Straža[3], som er 238 meter høg.[2] På nordaustsida av øya ligg dei store vikene Rogač og Nečujam. I vestlege delar av det indre Šolta ligg det ei jordbruksslette som er om lag 6 km lang og 2 km brei.

Šolta
Landsbyen Stomroska på Šolta
Landsbyen Stomroska på Šolta
Geografi
Stad Adriahavet
Koordinatar 43°23′N 16°17′E

Areal 58,98 km²

Høgaste punkt Vela Straža (238 moh.)

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Split-Dalmatia

Demografi
Folketal 1479

Satellittbilete av Šolta

Hovudnæringa på øya er basert på vindyrking, oliven, frukt, fiske og turisme.[1][3] Fleire landsbyar ligg borte frå kysten (Grohote, Gornje Selo, Srednje Selo, Donje Selo), medan Maslinica er den største fiskelandsbyen,[3] som berre er utsett for nordvestleg vind, og dermed ei god hamn for mindre båtar.[1]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Šolta på Kroatien-online.com, arkivert frå originalen 20. august 2006, henta 14. mars 2007 
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok 2006 for Kroatia
  3. 3,0 3,1 3,2 General Encyclopedia of Yugoslavian Lexicographic Institute, volume 8 (Zagreb, 1982)

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Šolta