A Grounding in Numbers
A Grounding in Numbers Studioalbum av Van der Graaf Generator | ||
Utgjeve | 14. mars 2011 | |
Innspelt | 3–9. april 2010 | |
Studio | Propagation House i Holsworthy i Devon i England | |
Sjanger | Progressiv rock, matterock, elektronisk rock | |
Lengd | 48:50 | |
Selskap | Esoteric Recordings | |
Produsent | Van der Graaf Generator | |
Van der Graaf Generator-kronologi | ||
---|---|---|
Trisector (2008) |
A Grounding in Numbers | ALT (2012)
|
A Grounding in Numbers er det 11. studioalbumet til den engelske progressive rockegruppa Van der Graaf Generator. Det kom ut 14. mars 2011. Denne datoen, skriven på amerikansk vis med månaden først, er 3.14, som er dei første tre tala i π. Det andre sporet, «Mathematics», syner til Euler-likskapen, stundom kjend som det matematiske diktet. Albumet held fram den musikalske retninga som trioen byrja med på det førre albumet, men er gjeven ut på eit nytt selskap, Esoteric Recordings. Albumet vart miksa av Hugh Padgham.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Classic Rock | [1] |
Mojo | [2] |
Sunday Times | [3] |
Uncut | [4] |
Bakgrunn
endreFørebuingar for arbeidet med det nye albumet byrja seint i 2008 og tidleg i 2009, då bandmedlemmane byrja å samle songfragment og utveksle «idear, teoriar, reglar og retningslinjer».[5] I april 2010 møttest bandet for nokre intensive innspelingsdagar i Cornwall der heile albumet vart arrangert, innøvd og innspelt i løpet av ei veke. Over dei neste månadane vart spora overdubba, redigert og tilpassa av bandmedlemmane i sine eigne studio ved å utveksle filer over internett og på CD-R. I september 2010 var materialet klart til å miksast og dei tok kontakt med Hugh Padgham. Etter tre veker i studioet hans i London, Sofasound, var albumet klart.[5]
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Hugh Banton, Guy Evans og Peter Hammill..
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Your Time Starts Now» | 4:15 |
2. | «Mathematics» | 3:38 |
3. | «Highly Strung» | 3:36 |
4. | «Red Baron» (instrumental) | 2:23 |
5. | «Bunsho» | 5:03 |
6. | «Snake Oil» | 5:21 |
7. | «Splink» (instrumental) | 2:37 |
8. | «Embarrassing Kid» | 3:07 |
9. | «Medusa» | 2:12 |
10. | «Mr. Sands» | 5:22 |
11. | «Smoke» | 2:30 |
12. | «5533» | 2:42 |
13. | «All Over the Place» | 6:04 |
Medverkande
endre- Van der Graaf Generator
- Peter Hammill – vokal, piano, elektrisk gitar (og Ashbory-bass på «Splink»)[6]
- Hugh Banton – orgel (inkludert basspedalar), bassgitar og cembalo, piano, klokkespel, 10-strengs bass, gitar på «Smoke»)
- Guy Evans – trommer, perkusjon (og gitar på «5533»)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «A Grounding in Numbers» frå Wikipedia på engelsk, den 9. august 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Van der Graaf Generator - A Grounding in Numbers (2011) i Classic Rock.
- ↑ Barnes, Mike. Van der Graaf Generator - A Grounding in Numbers (2011) i Mojo
- ↑ Van der Graaf Generator - A Grounding in Numbers (2011) i Sunday Times
- ↑ Stubbs, David. Van der Graaf Generator - A Grounding in Numbers (2011) it Uncut
- ↑ 5,0 5,1 «The official press release». www.vandergraafgenerator.co.uk. Henta 9. august 2020.
- ↑ Album notes for A Grounding in Numbers (2011). Esoteric Recordings.