Aass Bryggeri er det einaste gjenverande bryggeriet i Drammen, og det eldste bryggeriet i Noreg. Bryggeriet vart tufta på Nedre Sund på Bragernes i 1834, av Poul Lauritz Aass, og er framleis eigd av familien Aass og ligg på same stad som i 1834, trass i at sjølve bygget har vorte bygd ut og modernisert fleire gongar. Under utbyggingane har den opphavlege stilen alltid vorte ivareteken, slik at bryggeribygget i dag framstår som ein heilskapleg og tradisjonsrik bygning.

Aass Bryggeri

Selskapsformaksjeselskap Sjå dette på Wikidata
Org.nr.912 696 553
Skipa1834
Bransjeølbrygging
ProduktØl, mineralvatn, sider Sjå dette på Wikidata
HovudkontorDrammen kommune Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttps://www.aass.no/
Aass Bryggeri

I 1869 byrja Aass å produsere mineralvatn i tillegg til øl, og er i dag medeigar i Aksjeselskapet Solo. Bryggeriet produserer òg ein eigen akevitt, oppkalla etter tuftaren.

Av produkt frå bryggeriet er Aass særs kjend for juleølet og bockølet sitt.

Administrerande direktør er Terje Aass (pr. 2005).

Bakgrunnsstoff Endra

  Commons har multimedium som gjeld: Aass Bryggeri