Abel Kirui (fødd 4. juni 1982) er ein langdistanseløpar frå Kenya som vart verdsmeister i maratonløping både i 2009 og 2011, i 2012 tok han OL-sølv på distansen.

Abel Kirui


Statsborgarskap Kenya
Fødd 4. juni 1982 (42 år)
Bomet
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2012

Kirui vann Wien maraton i 2008 på ny løyperekord 2.07.38. Den 22. august 2009 vann han gullmedaljen under verdsmeisterskapen i friidrett i Berlin på tida 2.06.54. To år seinare forsvarte han VM-tittelen då verdsmeisterskapen 2011 fann stad i Daegu i Sør-Korea. Under dei olympiske leikane i London i 2012 måtte Kirui sjå seg slått av Stephen Kiprotich frå Uganda. Hausten 2016 sprang Kirui inn til siger i Chicago maraton på tida 2.11.23.

Abel Kirui under Sommar-OL 2012

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

endre
  • VM 2009 i Berlin: Gullmedalje – 2.06.54, framom Emmanuel Mutai (2.07.48)
  • VM 2011 i Daegu: Gullmedalje – 2.07.38, framom Vincent Kipruto (2.10.06)
  • OL 2012 i London: Sølvmedalje – 2.08.27, bakom Stephen Kiprotich (2.08.01)

Kjelder

endre