Abraham Borch (17. januar 178618. november 1847) var ein norsk prest, stortingsmann og ordførar.

Abraham Borch
Fødd17. januar 1786
Jevnaker
Død18. november 1847 (61 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, prest
Alle verv

Borch var fødd i Jevnaker, der far hans var gardbrukar. Sjølv vart han student frå Kristiania katedralskule i 1804 og cand. theol. i 1809. 1810-11 var han lærar ved landkadettakademiet, og deretter kapellan i Aker. År 1818 vart han residerande kapellan i Eiker, til sist sokneprest i Kongsberg frå 1825. Frå 1827 også prost. Borch var mange år med i forlikskommisjonen på Kongsberg, og ei tid ordførar.

I 1830 representerte han Kongsberg på Stortinget. Han var formann i trykkingskomiteen, medlem av desisjonskomiteen og komiteen om kjøpstadskatten.

Borch døydde på Kongsberg i 1847.

Kjelder

endre