Accelerate

album av R.E.M.
Accelerate
Studioalbum av R.E.M.
Språk engelsk
Utgjeve 31. mars 2008
Innspelt 2007
Sjanger Alternativ rock
Lengd 34:39
Selskap Warner Bros. Records
Produsent Jacknife Lee og R.E.M.
R.E.M.-kronologi 
Around the Sun
(2004)
Accelerate


Accelerate er eit musikkalbum av den amerikanske musikkgruppa R.E.M. som vart utgjeve i 2008. Arbeidet med albumet byrja tidleg i 2007. Bandet starta innspelinga saman med produsent Jacknife Lee i Vancouver og Dublin, der dei spela fem kveldar mellom 30. juni og 5. juli i Olympia Theatre, som ein del av ei «øving til arbeidet».

Albumet debuterte som nummer to på Billboard-listene, og vart det åttande albumet til bandet som toppa dei britiske albumlistene. Musikkmeldaren i Rolling Stone, David Fricke, rekna Accelerate for å vere ei betring etter dei andre albuma som hadde kome etter at Berry hadde slutta. Han kalla det «ei av dei beste platene R.E.M. nokon gong har laga.»[1]

Innhald

endre

Alle tekstane og melodiane er ved Peter Buck, Mike Mills og Michael Stipe.

  1. «Living Well Is the Best Revenge» – 3:11
  2. «Man-Sized Wreath» – 2:32
  3. «Supernatural Superserious» – 3:23
  4. «Hollow Man» – 2:39
  5. «Houston» – 2:05
  6. «Accelerate» – 3:33
  7. «Until the Day Is Done» – 4:08
  8. «Mr. Richards» – 3:46
  9. «Sing for the Submarine» – 4:50
  10. «Horse to Water» – 2:18
  11. «I’m Gonna DJ» – 2:07

Kjelder

endre
  • Buckley, David: R.E.M.: Fiction: An Alternative Biography (Virgin, 2002)

Fotnotar

endre
  1. Fricke, David (3. april 2008). «Accelerate review». RollingStone.com. Henta 10. april 2008.