Succumbs
Succumbs VHS av R.E.M. | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1987 | |
Innspelt | Midten av 1980-talet | |
Sjanger | Rock | |
Selskap | UNI/A&M | |
R.E.M.-kronologi | ||
---|---|---|
— | Succumbs | Tourfilm (1990)
|
Succumbs var den fyrste filmen med full lengd som var kommersielt tilgjengeleg frå R.E.M.. Han vart utgjeven i oktober 1987 av UNI/A&M og inneheld videomateriale som er filma av vokalisten i R.E.M., Michael Stipe, på midten av 1980-talet, medan bandet framles hadde I.R.S. Records som plateselskap. Stipe samarbeidde med den lokale artisten James Herbert (frå Athens i Georgia i USA) på nokre spor.
For tilhengjarar som berre kjenner R.E.M. etter at dei signerte kontrakt med Warner Bros. Records, kan ein på Succumbs få eit inntrykk av korleis bandet var før den kommersielle suksessen deira. Han er berre tilgjengeleg på VHS, og truleg berre brukt. Likevel er alle videoane i denne pakken med på DVD-en When the Light Is Mine.
Videoar
endre- «Radio Free Europe»
- «So. Central Rain»
- «Left of Reckoning»
- «Cant Get There From Here»
- «Driver 8»
- «Live and How to Live It»
- «Feeling Gravitys Pull»
- «Fall on Me»
Kjelde
endre- Artikkelen var opphavleg basert på «Succumbs» på Engelsk Wikipedia.