Action av Sweet
Singel av Sweet
frå albumet Strung Up og Give Us a Wink
B-side
  • «Sweet F.A.» (Europa)
  • «Medussa» (USA)
Utgjeve
  • Juli 1975
  • Mars 1976 (USA)
Innspelt 1975
Sjanger
Lengd
  • 3:18 (singel)
  • 3:44 (album)
Selskap
Låtskrivar(ar)
Produsent Sweet
Sweet-kronologi 
«Fox on the Run»
(1975)
Action av Sweet «The Lies in Your Eyes»
(1976)


«Action» er ein eigenskriven og produsert song frå 1975 av det britiske glamrockbandet Sweet.

Bakgrunn endre

Songen gjekk gjennom fleire iterasjonar: ein 7"-singelversjon vart spelt inn i Ian Gillan sitt Kingsway Studios i London og litt forskjellige versjonar kom ut på albuma Strung Up og Give Us a Wink. Tekstane refererer til den negative handsaminga Sweet fekk som popstjerner, særskild av musikkpressa, og til krava i musikkindustrien. Sporet har ein maskert «baklengs vokal» med orda «You kiss my ass».

Det første verset har ein slåande likskap med hardrock-delen av Queen-songen «Bohemian Rhapsody», som kom ut fire månader seinare. Forsanger Brian Connolly kalla det eit «openbert tjuveri».

Salslister endre

Singelen nådde 15. plassen i Storbritannia i juli 1975 og nådde Topp 40 i USA året etter.

Liste (1975) Plassering
UK Singles Chart[1] 15
US Billboard Hot 100[2] 20

Def Leppard-versjonen endre

Action
Singel av Def Leppard
frå albumet Retro Active
B-side
  • «She's Too Tough» (Joe's demo)
  • «Miss You in a Heartbeat» (Phil's demo)
Utgjeve 3. januar 1994 (Storbritannia)[3]
Innspelt 1992-1993
Sjanger
Lengd 3:41
Selskap Bludgeon Riffola
Låtskrivar(ar)
Produsent Def Leppard
Def Leppard-kronologi 
«Two Steps Behind»
(1993)
Action «Desert Song»
(1994)


I 1993 gav det engelske heavy metal-bandet Def Leppard songen på albumet deira Retro Active. «Andy [Scott] sa at vår versjon av 'Action' var den beste coverversjonen av ein Sweet-song han hadde høyrd», sa songaren Joe Elliott.[4] Den originale innspelinga frå 1992, spelt inn før gitaristen Vivian Campbell kom med i bandet, kom ut som B-sida til «Make Love Like a Man». Versjonen kom ut på Retro Active og som ein singel med nyinnspelt skarptromme av trommeslagaren Rick Allen og ekstra korvokal frå Campbell og P.J. Smith.

Musikkvideoen vart regissert av Phil Tuckett frå NFL entertainment. Han vart filma ein gong mellom juni og desember 1993 i Sheffield i Ottawa og i heimlandet til Joe Elliott i Irland. Bandet 'oppdaga' den maskerte baklengsvokalen på originalsporet og refererte til dette i CD-omslaget til singelen.

Leppard-versjonen kom ut på spesialutgåva av albumet Yeah! frå 2006.

Innhald endre

CD: Bludgeon Riffola/LEPCD 13 (Storbritannia)/858 093-2 (INT) endre

  1. «Action»
  2. «She's Too Tough» (Joe's demo)
  3. «Miss You in a Heartbeat» (Phil's demo)

Andre coverversjonar endre

Kjelder endre

  1. «UK Official Charts». Official Charts Company. 2020. Henta 25. november 2020. 
  2. Whitburn, Joel (2013). Joel Whitburn's Top Pop Singles, 14th Edition: 1955-2012. Record Research. s. 821. 
  3. «Def Leppard-singlar». 
  4. Ling, Dave (July 2006). «The dirt: Joe Elliott». Classic Rock #94: 38. 
  5. «?». YouTube. Arkivert frå originalen 21. januar 2016. Henta 2. oktober 2021.