Adam Larsen Kwarasey
Adambathia Larsen Kwarasey (fødd 12. desember 1987) er ein norsk og ghanesisk fotballspelar som spelar på det ghanesiske landslaget. Han spelar for Vålerenga (2020).[1][2]
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 12. desember 1987 (36 år) | ||
Fødestad | Oslo | ||
Høgd | 191 cm | ||
Posisjon | Keeper | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Vålerenga | ||
Ungdomsklubbar | |||
Trosterud Vålerenga | |||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2007-2014 2015-2016 2016- |
Strømsgodset Portland Timbers Rosenborg |
154 (0) 40 (0) 4 (0) | |
Landslag | |||
2008 2011- |
Noreg U21 Ghana |
1 (0) 34 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 14. august 2016 ‡ Landslagsmål oppdatert 11. august 2016 |
I 2008 spela han for det norske U21-landslaget.
I 2016 var han målvakt for Rosenborg i den norske Tippeligaen. Han har tidlegare spelt for Vålerenga. Larsen Kwarasey debuterte for Strømsgodset mot Lyn 6. mai 2007 fordi dåverande førstemålvakt Espen Johnsen var skada. Kampen enda 1-1. Larsen Kwarasey var reserve dei første tre sesongane sine i Strømsgodset, men erobra fast plass i 2010-sesongen, ein sesong då han var med på å bli noregsmeister for klubben. I 2012 fungerte han som kaptein for Godset då Alexander Aas sleit med skadar så og seie heile sesongen, og då Aas om hausten kunngjorde at han måtte leggja opp som spelar, blei Adam kaptein permanent. I 2013 var det dermed Adam som fekk æra av å lyfta pokalen då klubben sikra seriemeisterskapen.[3]
12. juni 2008 debuterte Larsen Kwarasey på Noreg sitt U21-landslag då han kom inn som innbyttar i 4-1 sigeren over Island. I september 2010 fekk han ghanesisk pass for å kunne bli landslagsspelar for heimlandet til faren sin.[4] 9. august 2011 var han første gong i stallen for Ghana i ein kamp mot mot Nigeria.[5]
Larsen Kwarasey debuterte for det ghanesiske landslaget 2. september 2011 i ein kvalifiseringskamp til afrikameisterskapen mot Swaziland.[6] Han blei tatt ut i Ghana sin 23-mannstropp til afrikameisterskapen og vakta målet i alle Ghana sine kamper.[7] Han var også i Ghana sin tropp til afrikameisterskapen i 2013. I 2014 vart han teken ut i Ghana sin tropp til fotball-VM i Brasil, der han fekk spela éin kamp, den første gruppekampen.
Han har norsk og ghanesisk pass.[1]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Jacobsen, Kristin Estil (19 January 2012). «Mener Kwarasey er mer attraktiv med EU-pass». vg.no (på norsk). Verdens Gang. Arkivert frå originalen 13 January 2014. Henta 19 May 2012.
- ↑ . Vitja 1. juni 2020
- ↑ «Deila gråt på vei til gullkampen». NRK. 10. november 2013. Henta 11. november 2013.
- ↑ «Godset-keeperen fikk ghanesisk pass». Dagbladet. 1. oktober 2010. Henta 26. november 2012.
- ↑ «Kwarasey steps into Stars camp» (på engelsk). kickoff.com. 8. august 2011. Arkivert frå originalen 25. august 2011. Henta 9. august 2011.
- ↑ «Ghana/Swaziland: Gyan, Badu Inspire Black Stars to Home Win» (på engelsk). All Africa. 2. september 2011.
- ↑ «Veteran keeper left out of Ghana's Nations Cup squad» (på engelsk). BBC Sport. 15. desember 2011. Henta 26. november 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Spelarprofil Arkivert 2012-02-18 ved Wayback Machine. på godset.no
- Spelarprofil på national-football-teams.com