Opna hovudmenyen

Eilert Adelsteen Normann (1. mai 184826. desember 1918) var ein norsk målar, kjend som Adelsteen Normann. Han utdanna seg i Düsseldorf i Tyskland og busette seg der. Sommarstid reiste han rundt i Nord-Noreg og laga skisser. Han spesialiserte seg på romantiske fjordlandskap, gjerne med ein liten dampbåt eller seglbåt på spegelblankt hav. Normann var den fyrste frå Nord-Noreg som etablerte seg som kunstmålar.

Adelsteen Normann
Adelsteen Normann.jpg
Fødd 1. mai 1848
Bodø
Død

26. desember 1918
Christiania

Sjanger landskapsmåleri
Yrke kunstmålar
Fiskevær i Nord-Norge, 1880
Dampbåten
Munken gård i Esefjorden

Liv og gjerningEndra

Normann var son til ein gardbrukar og handelsmann på Vågøya i Bodin. Etter å ha arbeidd som krambusvein hos kjøpmann Koch i Bodø by, reiste han til Bergen og seinare København for å lære seg handelsyrket. Under studiane i København tok kunstinteressa overhand. Åra 1869-73 studerte han ved kunstakademiet i Düsseldorf, der han vart mykje påverka av tradisjonen til landsmannen Hans Gude. Han vart såleis ein typisk sein-düsseldorfar. Normann fann seg også ektemake og fast adresse i Rhin-byen, i ei tid då andre norske målarar søkte mot Paris.

Med sin bakgrunn frå Nordland spesialiserte Normann seg på norske fjordlandskap. Motiva fann han især i Lofoten og Nord-Norge elles og rundt Sognefjorden. På studiereisene i Noreg tok han skisser som han brukte til å komponere landskapsbilete i storformat. Fjordmotiva hans er gjerne prega av stupbratte fjell over solblank fjord og sjø. Lyset spela ei stor rolle i Normann sine bilete, han var av dei fyrste norske målarane som nytta midnattssola som motiv. Han skal vere opphavsmann til termen «midnattssolas land». Måleria hans vart svært populære hos det tyske kunstpublikum.

Kring om 1887 slo Normann seg ned i Berlin, der han mellom anna fekk tillitsverv i kunstnarforeininga i byen. I 1890-91 fekk han bygd seg eit hus i Balestrand i Sogn, der han seinare oppheldt seg somrane. Huset i drakestil kom frå ferdighusfabrikken til Jakob Digre i Trondheim.

Normann vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1897. Under fyrste verdskrigen flytta han til Noreg. Han døydde i Kristiania 26. desember 1918 av spanskesykja og vart sidan gravlagt på Südwestkirchhof Stahnsdorf i den tyske delstaten Brandenburg.

KjelderEndra